Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/89

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

81 I eit stev stend det: Eg totte lenger den vinternatti enn halve alderen min". Ei merkeleg samling av namn som minner um Skirnes maal finst i Askvoll i Sunnfjord: Garden Gjerdarvik, fjelli Hovdetuva og Ørneklett, og Barsnes og Barsholmane. Tuva er eit fjell innanfor, i I. Holmedal (Gaular), og Areklett ved Førdefj orden. Inkje langt sunnanfor er Barøy i Gulen. Gjeng me nordyvir, finn me Ørnetuva i Vanelven, Bare i Aukra og paa Agdenes. I Ytre Namdalen var heile sysla r Njardarøy (Nærøy), uppkalla etter Njørd. Lenger nord er Ørnetuva paa Alsen, fjorden Grimen, Gjerderøy, Gjertinden paa Blaaisen, og i Lofoten Barøy og Ørnetuva. Frøy saag Gjerd i nord (etter Snorre), og Haalogaland tyder sume : nordljosheimen. Orde hara" Skirn. 28 (yvirsett: stire), som ein inkje hev funni andre stadir, liver endaa i bygdemaali i Trondheim og Nordland. Orde tram" (troll) er brukt vest og nord i lande. Namn paa Gjerd fanst i gomol tid helst millom Voss og Namdalen Frøygjerd var namn i Trondheim i landnaamstidi. Skulde ein leite etter upphave til Skirnesmaal, laut det daa etter alt dette verte millom Bergen og Nordland. F. Jonsson, som meiner at kvæde er fraa Norig l) og eit av dei eldste eddakvæde, trur at det godt karm vera noko eldre enn 900. Av sjølve kvæde fær me kann-hende vita noko um korleis forfattaren var laga. Skirnesmaal er eit storfelt diktverk. God og fast byg ning. Visshøv menneskjekunnskap, raakande skildring av hug lynde og kjenslur, merkeleg rikdom paa ord og vendingar (ogso utanlandske ord 2), gløgg utnytting av alle fridomar som versemaale byd, djerve tilsprang med umkvæde og uppatt-tak og enderim og innrim og dubbell-linur i galdrelag; forfattaren er ein maalmeister so fri og megtig at han sprengjer mest den gamle formi og fører deg langt fram i tidi, burt imot folkevisestilen. Eit lyrisk drama i tri vendingar (eller aatte møte). Endaa det er sendeferdi og røda til Skirne som fær hovudvegti, so er det daa likevel kjærleiks-lengten som ber alt og heile tidi blaanar i bakgrunnen. Lengt og sut er so livande skildra, at ein maa tru for fattaren sjølv hev kjent det same ein gong; men no, daa han 1) I Tyskland meiner mange at Skirnesmaal er dikta paa Island. Men der finst korkje tistil eller skigard eller namn paa stadir som i Norig. 2) Susbreke og gambantein (angelsaksisk), og Kann-hende fleire. 6 Edda-kvæde.