Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/79

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 71 —

<poem>

Skirne:

13. „Alt er betre enn umanns-ferd, si von lyt ein vaage. Med dagen viss er dauden meg sett og heile livsens lagnad.“

Gjerd:

14. „Kva for ljomande ljod lydest her inn i høge hallom vaare? Jordi ho skjelv, det skjek i grunnen i Gyme sine gardar.“

Terna:

15. „Ein mann her av sàlen svinga seg ned, no hesten sin han hamnar. (Andsynes koma, krev unge drengen, med gjæve møyi til Gyme.“[1]

Gjerd:

16. „Inn bed du han stige til oss i sal og drikke den mæte mjød, endaa eg ottast at ute her stend banemannen til bror min.

17. Er du ein alv eller aasa-son, eller av vise vanir komin? Kvi fór du aaleine gjenom frøsande eld salen vaar aa vitja?“

Skirne:

18. „Eg er korkje alv eller aasa-son, eller av vise vanir komin. Endaa fór eg aaleine gjenom frøsande eld salen her aa sjaa.

19. Elleve eple, alle av gull, deim mun eg, Gjerd, deg gjeva, din hug aa vinne, so du viljen gjev til Frøy deg aa feste.“

Gjerd :

20. „Elleve eple inkje eg tek, so ein mann fagnad skal faa. Aldri i live eg uner med Frøy til saman aa byggje og bu.“

Skirne:

21. „Eg byd deg den ring som brend vart med unge Odins-sonen; aatte jamgode det av han dryp niande-kvar natt.“

Gjerd:

22. „Meg batar inkje ring, um brend han vart med unge Odins-sonen. Inkje gull vantar i Gymes-gardom

hjaa fræge far min.“

  1. Utfyllt paa ei von