Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/78

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 70 —

<poem>

Frøy:

6. „I Gymes-gardom gange eg saag ei møy, meg ho hugstal. Armar lyste, so logar leika yvir himil all og hav.

7. Heitare for møyi hugen han brenn, enn folk de fyrr hev kjent. Men av æsir og alvar ingin det likar, at me saman skal sitja.“

(Og for hennar skuld var han so hugsjuk, at han munde inkje lengi liva, um han inkje fekk ho. „Men no skal du fara stad og bele til ho paa mine vegnir.“ Skirne svara og sa at han skulde fara i sendeferd[1]).

8.

Skirne:

„Hest du gjev meg den som gjeng gjenom røyk og leikande mein-logar, og det sverde som sjølvo seg braar[2] mot jøtun-ætt.“

9.

Frøy :

Eg hesten den gjev deg som gjeng gjenom røyk og leikande mein-logar, og det sverde som sjølvo seg braar, naar djerv dreng ber det."

Skirne mælte ved hesten: 10. „Myrkt er det ute, og me lyt av stad yvir doggvaatt fjell fram, yvir huldre-heimar fram. Baae vert me berga, eller baae oss tek den ovsterke jøtun.“

Skirne reid inn i Jøtunheimen fram til garden aat Gyme. Der var det olme hundar; dei var bundne ved skigardslede fram-med salen aat Gjerd. Han reid dit som det sat ein hjuring paa haugen, og helsa honom:

11. „Seg meg, du hjuring, som paa haugen sit og vardar alle vegir: Kor kann eg sleppe for sinte hundom til unge møyi inn?“

Hjuringen:

12. „Kvaare er du feig eller framfarin[3] alt (svein som hera sleng)[4] Aldri du slepp til aa andsynes[5] koma

med gjæve møyi aat Gyme.“

  1. Snorre-edda.
  2. Sjølvo seg braar, svingar seg av seg sjølv.
  3. Framfarin, daain.
  4. Utfyllt paa ei von. Lina er burte i handskrifti.
  5. Andsynes, heilt innaat.