Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/80

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 72 —

<poem>

Skirne :

23. „Ser du sverde, møy, smalt og globjart, som i handi her eg hev? Hovud mun eg hogge av halsen din, vil du inkje vægsam[1] vera.“

Gjerd:

24. „Ovrikje tola aldri eg gjer, so ein mann fagnad skal faa. Men eg gjet paa det, um Gyme deg finn, daa lyt stride sellar røynast.“

Skirne : „Ser du sverde, møy, smalt og globjart, som i handi her eg hev? For kvasse eggjar i koll sig gubben, feig vert han, far din.

25. Temjings-tein slær deg, tamd skal du verte etter min vilje, møy. Der skal du svive som sidan deg aldri ser mann eller møy.

27. Paa Ørnetuva du aarle skal sitja, nakken mot Mannheim, nasen mot Hel. Meir du ved mat skal leidast enn menn av Fraane-ormen tek fæle.

28. Eit bisn du verte, naar paa vegom du kjem. Rimne paa deg stire, alle glo og glire! Vidgjetnare vert du enn gude-vorden, der du gaper bak grindom.

29. I hugen deg suge sutir og verk! taarir vekse av din trege ! Set deg heran, og høyre skal du um svidande sut og tvifald trege.

30. Deg troll og tramar[2] tyne all dagen burt-i gygre-gardom! Til rimtusse-hallir du reke kvar dag, vanraadd i hug, vonlaus i hug.

31. Med eit trihovda troll du trøye deg skal, eller møykjering morkne Gir[3] deg gløype, sott deg suge; ver tistilen lik som dei tek og slengjer

tett under toka.

  1. Vægsam, som gjev etter.
  2. Tramar Hordl., Sogn. Vald, Nordanfj. troll.
  3. Gir, ofse.