Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/76

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

68 v at soli gjeng ned i skogen, *) men bak aasen, bak skogen, eller i have. Er det meint eit tre, som soli gjeng ned i, og som gjev ho vern, so maa dette vera eit himil-tre. Snorre segjer at i Aasgard stend det tree (lund) som heiter Glase (straalande), og alt lauve der er raudt gull. Det er det fagraste tree (ved) hjaa gudar og menn. Og daa kjem dette i saman heng med gaatur um sol-tree: Tel.: Der stend eit tre i Billingsberge og drjuper utyvir eit hav. Hennar greinir lyser som gull. Eller: knappen kastar raude gull. (Soli). Vestlande: Det stend ei stong i bratte berg og sluter ut yvir have med raude gull og kaapa paa. (Solstraalane ved solar-glad). Færøyane: Strengir standa aa høge fjelle, standa ut av hav, kruna er av raude gull. (Soli og solstraalane). Soli segjer ein ogso n renn" og sprett" som eit tre. Og straale" og geisle" tyder ogso stav (sml. lat. radius). 39. Brur tyder kvende (og serleg trulova eller nygift kvende). I visa um Steinfinn Fefinnsson er det eit vers som talar um «den vene bruri som leikar paa fimom fote", og kvedaren sa til Landstad at med denne bruri skulde det vera meint soli. 40. Med nokre avvik det same som Vavtr. 21. 41. Midgard, midt-gjerde, skjermen mot risane. Orde finst ogso i gotisk, gamalltysk og angelsaksisk. Midelheim i ein tryllevess fraa Sunnm., Middelhjem i ei dansk vise. 43. Ivalde, den som styrer i, der inne (i jordi), dverge namn. Snorre fortel at sønine hans gjorde gullhaare til Siv og spjote Gungne. — Skid-bladne, skipe som er sett ihop av tunne spønir. Snorre segjer at ein karm leggje det saman. Tanken er komin fraa eventyri, som fortel um slike skip endaa. 44. Bilrost (svikande veg) = Bivrost (bivrande veg) hjaa Snorre, regnbogen, brui um dagen, liksom Stjernebrauti (bilæte aat Gjallarbrui) er brui um natti. Brage (brag, skaldskap) gud for skaldskap, ei side av Odins eiginskapar utskild til guddom. Det er ingin grunn til aa tenkje at det er skalden Brage som er gjord til gud, og heller inkje at det er guden Brage som hev gjort seg til norsk skald. - - Haabrok het hauken hans Rolv Krake, som var eit konge-ideal for nordmannen. - - Garm, helhunden, etter S. Bugge umtyding av græsk Kerberos, sett i samanheng med >,garma", belja. Garm tyder i Trondheim ei klombr til aa verke lin med, og hev (etter Ross) paa kløftens overkjæbe gjerne et hande- eller heslehoved". , 54. Skilving (skjalv, benk), han som heng og dinglar. (Sjaa Haavamaal 138).

  • ..*.•!

I Innskoti er det ogso mangt som tyder paa at austlande eller Trondheim karm vera heimstaden. ') Berre i' SveHke vert det sagt at soli ,gaar i skog".