Frøy, son aat Njørd, hadde ein dag sett seg paa Lidskjalv og saag ut yvir alle heimar.
Han saag (mot nord[1]), burt i Jøtunheimen, og gaadde ei fager møy, der ho gjekk fraa skaalen aat far sin burt til bure.
Av dette fekk han stor hugsott. (Daa han kom heim, mælte han inkje eit ord, han korkje sov eller drakk, heller inkje torde nokon tala aat han.[1])
Skirne het Frøy sin skosvein. Njørd bad honom røyne ut Frøy. <poem>
- Daa mælte Skade:
1. „Ris upp, Skirne! Skunde deg stad sonen vaar aa søkje og frette han um kven som frode drengen vreide mun valde.“
- Skirne:
2. „Vondord berre d’er von eg fær, um eg sonen skal søkje og frette han um kven som frode drengen vreide mun valde.“
- Skirne:
3. „Seg meg no, gasta gude-hovding, det eg vita vil: kvi einsam du sit i aude salen heile dagen, min drottin.“
- Frøy:
4. „Kvi skulde eg segja sellen so ung tung sut og trege? Um Gullstraale bjart glimar all dagen, lite mi sorg lettnar.“
- Skirne:
5. „Aldri eig du so ill ein trege, som meg du ’kje segja maa. Unge var me fraa upphav saman,
me tvo kvarandre kann tru.“