Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/70

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

62 Arkelaus vert konge etter honom. — Herodes skulde daa vera umgjord til Geirrod, og jødane til gotane. Endaa eldre er den sogo som Herodot fortel um perse kongen Kambyses, som fæler for bror sin Smerdis og drep han. Kambyses hæder Ægypt-guden Apis, som han saarar med eigi hand, so han døyr. Sjølv døyr han, saara av sitt eigi sverd, paa same staden som han hadde drepi Apis. Etter fylgjaren Gautama gav seg ut for aa vera broren Smerdis. Dei same dragi kjem att i sogo um Heidrek. Han var fostra av Gissur (Odin) og drep broren Anganty. Gjestum blinde (Odin) kjem til Heidrek, som vil drepa han, men Odin kjem seg undan, og han sa at for di Heidrek braut lovnad og drog sverde imot han. skal dei verste trælane hans drepa han. Soleis gjekk det og. Sonen vart konge, han het Anganty liksom farbror sin. Beingrindi i Grimnesmaal er ei utgomol sogu som endaa iinst att i inngangen til eventyr, soleis paa lag: ein konge hev fengi fat i eit vette som hev gjort honom skade, og han held det langa; men sonen til kongen frir det ut og fær stor løn for detle. I Tyskland er det eventyre um Grindkopf" som dette drage kjem fram i. I Telemork fortel eventyre um Aal svart og Aal kvit at ein hesteleitar kom til aa setja seg paa ei tuve, so høyrde han det naus nede i tuva. Gode gjestir hellaa ingi, " sa det nedi tuva. Dermed datt han ned i tuva og kom inn i ei stogu. Der sat det ei gygr, ei troll heks, og ho hadde ein son, heitte Gjermund. Mannen baud n god dag", og kjeringi svara Gud signe" og baud han sitja paa stabben. So sa ho det til sonen sin: Legg paa varmen,. Gjermund," sa ho. Gjermund so gjorde. Som det tok te brenne, vart det for varmt for mannen, og han vilde tukke seg ifraa; men han slapp inkje upp att. Han var klumsa fast. «Legg paa varmen, Gjermund," sa ho att. Gjermund so gjorde. Bevars vel," sa mannen. De maa 'kje leggje paa meir; det vert so varmt eg brenner meg upp." Legg paa varmen, Gjermund," sa ho, og der skal du sitja, utas du vil hava meg." karm eg hava deg, det er uraadelegt for meg. det," sa mannen. Ja no karm du sitja til du brakar som ein turr hud-sko. Legg paa varmen, Gjermund," sa ho. Ja fyrr eg skal sitja her og brenne meg upp, fyrr skal eg taka deg daa," sa mannen. Ja so vart det godt og vel, og so slapp han av stabben. — Namne Gjermund (Geir-mund) minner um Geirrod. ,. Same sogo er det kanskje som vert fortalt i Øystredalom um ein hesteleitar som kom til ein gygregard paa fjelle, der -det brann eld paa gruva og han vart sessa i høgsæte, og slapp inkje heim att fyrr um nie aar, og daa kasta risen ei gloande jarnstong elter han. . Snorre fortel at Loke kom i falkeham til risen Geirrod. JHan sette seg ved ljoren og saag ned i stogo, men vart klumsa