Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/65

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

57 andre smaagutar var ute og rodde, baaten kvelvdest, dei hine vart burte, Verland kom paa ei øy og vart fostra av ein troll mann som var smed. 3. Vera-ty, manna-gud, Odin. Gota-land er inkje namn paa noko land, men berre ei poetisk stad-festing. Baade vest gotar og austgotar og folke paa Gotland vart kalla gotar. 5. Ull er inkje nemnd mange stadir. I v. 42 lovar Odin at Ull og alle gudar skal løne den som hjelper honom; han tykkjest der vera den fremste av gudane na ar Odin er burte. I Atlakvida 30 er det tala ura eidar som er svorne vedSigtys (Odins) berg og Ulls ring; der er han sett ved sida av Odin. Og her i Grimn. v. 5 er Ull nemnd næst etter Tor og fyri Frøy. Ingin gud gjeng att i so mange gardsnamn som Ull (og Ullin) heilt upp til Nordmøre (paa austlande mange samansetningar med vin og hov). I Sverige og finst mange slike namn. Det «r soleis grunn til aa tru at han i utgomol tid hev vori ein storgud. Tor er kalla Ulls maag (Haustlong). Maag tyder verson eller verbror; Ull maa daa vera anten far eller bror til Siv. Seinare tru maa det vera, naar Snorre segjer at Ull er son til Siv, stykson til Tor. I Torsdraapa er Tor kalla Ulls gulle (ven). Ollerus heiter han hjaa Saxo, som segjer at han dreiv Odin burt og sette seg i staden hans. Sanningi var vel fraa det fyrste heller den. at det var Odin som dreiv burt Ull og sette seg sjølv i staden hans. Namne Ull vert tydt: den straalande, og det er meint at han hev vori den store himil guden. Men litt um senn hev han loti vike for nyare gudar, so at han hjaa Snorre og Saxo berre er ein itrotts-gud for - skilauping og skeisserenning og bogeskjoting. Namne paa heim staden hans i Grimn. peikar ogso dit. Ydalar tyder dalane som det finst yr i, det er barlind, som dei gjorde bogar av. Skalden hev kanskje kjent gardsnamne Ydalir. som hev vori brukt i Hyllestad, Sogn. Yvin, gard i Tune, er kanskje ogso samansett med yr, barlind. 5. Alvheim. 1) Alvane er vel fraa det fyrste tenkte aa vera aandir til avlidne menneskje, som hev havt guddoms-vyrdnad fraa utgomol tid. (Daain riste runir for alvar, segjer Haava maalj. — Det er fleire slag alvar. Ljosalvane, som bur ved Urdar-brunnen i Alvheimar, fortel Snorre, er ljosare enn soli. Alvar er saman med æsir i gilde hjaa Æge (Loketrætta), og i Skirn. stend æsir og alvar saman liksom i Trymskv. Til alvane vart det blota for sjukdom, og elles kvar jol; og det er meint at alveblotingi er den upphavlege formi for norrøn jole-fest. Dei gjorde veitsle" aat alvane, er det sagt. Dei avlidne skulde ein hugse, naar ein sjølv hadde fest. Endaa er det skikk sume stadir, at maten skal stande paa borde heile joli, um dei skulde koma. Etter folkesogur fraa Island er alvelande fagert, der er ') Gardsnamni Alve og Alvheim meiner O. Rygh kjem av eit ord alv soi» tyder {kvit) jord, aur.