Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/64

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er ikke korrekturlest


56 M. Moe meiner at fraa Irland (sogur um Tundal o. fl.) hev det komi drag til auking av den gamle heimlege utsyns tanken. Eit gardsnamn Lidskjalg i Hardanger er nemnt i ei jorde bok fraa Bergen. *) O. Rygh trur det karm hava samanheng med Lidskjalv. Elles finst roti skjalv i fleire gardsnamn (skjelve, Skjæveland o. fl.), Skjelva eit berg i Lofoten. I Sve rike: Loaskjalv og Viskjalv (lundesæte, tempelsæte eller det heilage høgsæte) i Uppland. 2) Ved Iwende-list vert Odin nøydd til aa brigde venskap fraa Geirrod til Agnar, sameleis som i segni um langbardane, som diktaren vonleg hev kjent. Vandalane bad Odin um siger yvir vinilane. Han lova aeim siger som han fyrst kom til aa sjaa naar soli spratt. Vinilane gjekk til Frigg; ho sa dei skulde koma ved solrenningi; og kvendi skulde sveipe haaré um andlite, so det saag ut som skjegg. Og ho stelte det so, at Odin fyrst fekk sjaa desse og spurde kven desse langbardane (langskjeggane) var. Daa laut han gjeva desse siger. — Siger •driyumaal fortel um at Hjalmgunnar, som var lova siger av Odin imot Agnar, vart feilt av Sigcrdriva. Der og raadde kvinna paa Odin. Grunne (heng i hop med grima, skjerm som løyner andlite); lian som fer med huldu høfoi" ; ogso Grim. Agnar son til Geirrod er vel tenkt aa vera broren som •er fødd upp att. Ogso i Irland trudde dei at naar ein vart fødd upp att fekk ein same namne. Millom eldar. Um kong Hjørleiv fortel Halvs-sogo at han Tart hengd millom tvo eldar. Kannhende det same vart gjort med Odin. Tvo brørar. S. Bugge hev synt at til grunn for sogo um •dei tvo brørane ligg det eit eventyr som endaa vert Fortalt i Nordland og Finnmarki i ymse brigde, og desse karm ein samle til eitt, soleis: Tvo brørar var ute paa sjøen og fiska. Baaten dreiv til havs; dei landa paa ei øy og fann der ein blaaklædd kall med sidt skjegg. Der hadde dei det gildt; kor mykje folk aat og drakk, so minka inkje mat eller drykk. Paa stogu-take beitte ei kvit geit med gylde horn, og eit jur hadde ho som den største kvi. Daa dei skulde reise att, skuva den eine broren baaten ut og lét den hin vera att, for at han kunde faa fars-arven for seg sjølv. Den hin vart gift med ei hulder og var rik og lukkeleg. Daa den fyrste broren spurde dette, reiste, han og attende til øyi; men daa gjorde tuftefolke han tullut. Ogso um Starkad er det fortalt at han vart fostra ar Odin (Rosshaarsgrane) paa garden Ask paa Fenring (Askøy) paa Hordaland. Fraa Setisdal er det fortalt at Verland saman med tro ') Kalvskinn fraa ikr. 13C0. 2) Skilvingar tydde soleis. anten: dei som sit i høgsæte, eller: dei som er av Skjalv-ætti.