Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/66

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er ikke korrekturlest


58 skog og blomar; 1) galder opnar vegen dit, det ber gjenonr skodd og mjrker eller yvir have. Ljos- al vane var raudklædde og fagre, ljose og luftige, venare enn noko menneskje; fager som ei alvkone" heiter det. Døkk-alvane, segjer Snorre, bur under jordi og er svarte som bik. Dvergane vart vel og i gomol tid haldne for alvar, soleis som dei endaa er det paa Island. I Alvis-maal er alvar nemnde millom jøtnar og dvergar. I skalde-maale er ogso Alvheim det same som Jøtunheim. Og sume meiner at alvar og jøtnar daa var det same. I Sverige vert dei kalla elvor, i Danmark ellefolk. Alvefolk vert dei ogso nemnde i Norig, men vanleg hev det komi upp nyare namn: haugafolk, vette folk, hittfolk, medelsfolk, huldrir. Dei gamle tykkjest hava meint at dei avlidne, alvane, hadde ymse heimar: hjaa gudane (hjaa Frøy i Alvheim eller hjaa Odin i Valhall eller hjaa Frøya eller hjaa Tor), hjaa Hel dei som sottdøydde, hjaa Ran dei som drukna, i gravhaugen (Olav Gudrodsson, Geirstada-alv) eller i fjelli. 2) Etter vanleg folketru synte alvane seg ofte; dei tok daa mannaham. Stundom kunde ein sjaa deim ride i store flokkar. Det hende dei kvarv braatt burt som ein skugge. Dei hadde sine eigne husdyr. Ein fekk inkje staake for mykje kringum haugen der dei budde. Dei hadde mykje samlag med folk. Alvar og alvkonur fekk stundom born med menneskje. Ein laut ofte gjeva deim. nærkone-hjelp. Alt dette finn me endaa att i folkesegnir. Alveblote hev haldi seg sume stadir til seinaste tid. I Soløyr vert det endaa fortalt at alvar dansar ute um natti kringum ein eld. Tannfé. Ofte var en ring, et sverd, eller ogsaa en træl, der var av same alder som det nyfødte barn, og som blev opdraget sammen med dette." (A. Bugge). I N. Øystredalom brukar dei endaa stundom aa gjeva barne ei ku, naar det fær fyrste tonni. Kvi vert daa heitande Tairn ros eller Tann-snor (= snét?) I Telemork finst ku-namne Tann-reid. Tann-gaava er ogso brukt i Finnmarki endaa. 6. Vala-skjalv kunde ein tyde høgsæte til Vaale", der som det var meint at Vaale hadde vori ein aas fraa upphavs tid". Men dette yilde inkje høve med Balders draumar", utan ein maatte tenkje seg at Vaale vart fødd kvar vaar. — Vala skjoll er det gamle namne paa prestegarden i Tune lAustf), etter O. Hygh av vall rudning. 7. Søkkva-bekk. Sekkebekk heiter ein gard i Vestby (ogso namn i Jylland). ') Tanken um det blømande alvclande er det meint kom til oss fraa keltane og upphavleg fraa Hellas (Radaniantys og dei elysiske markir). Den norrøne daudeheimen var fraa fyrsto sk"um og vaat. ') Torolv Mostrarskjegg meinte at han med alle sine frendar etter dauden skulde fara til Helgefjell, og tier skulde det vera slik ein helgestad at' der maatte inkje koma noko ureint.