Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/60

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 52 —

Oske og Ome,
Jamnhaar og Bivlinde,
Gondle og Haarbard hjaa gudar.

50.
Svidur og Svidre
hjaa Søkkmime het eg
og daara den aldruge jøtun,
daa til den mæte
Midvitnes-sonen
eg vart einbane.

51.
Ør er du Geirrod,
ovdrukki hev du,
magtstolin er du av mjød;
mykje hev du mist,
daa mi hjelp du miste
og tekkje hjaa einherjar og Odin.

52.
Lengi eg tala,
men lite du ansar,
vela du vert av venir;
sverde til venen
eg ser her liggje,
og raudt blod av det renn.

53.
Ygg skal eige
den som egg i raamar,
live ditt veit eg er lidi;
yvne er disir,
no Odin du ser;
kom meg nær, um du naar meg.

Kong Geirrod sat og hadde sverde yvir knéi, og. det var dregi halvt ut. Men som han høyrde at Odin var komin der, daa stod han upp og vilde taka Odin burt fraa elden. Sverde glapp or handi hans og handtake snudde ned; kongen gleid med foten og stupte framyvir, men sverde stod igjenom han, og han fekk banen sin. Odin kvarv daa burt. Men Agnar var lengi konge der sidan.

Innskot i Grimnesmaal.

11.
Trymheim heiter den sette,
der Tjasse budde,
den ovsterke jøtun;
men no byggjer Skade,
skire gude-brur,
paa forne fars-tuftir.

12. Breidablik er den sjaunde,
og Balder der hev
sine salar reist;
i det lande,
der eg liggje veit
minst av mein-runir.