Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/59

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 51 —


25.
Heidrun heiter geit,
paa halli ho stend
og gneg av Læråds greinir;
eit skaft-kjer ho fyller
med den skire mjød,
den mjelten[1] aldri minkar.

26.
Eiktyrne heiter hjort,
paa halli han stend
og gneg av Lærads greinir;
fraa horni dropar
dett i Kvergjelme,
der vatn alt hev sitt upphav.

36.
Rist eg vil og Mist
skal rekkje meg horn,
Skjeggjold og Skogul,
Hild og Trud,
Lokk og Herfjøtur,
Goll og Geironul,
Randgrid og Raadgrid
og Reginleiv:
dei gjev einherjom øl.

42.
Ynde hev hjaa Ull
og alle gudar
den som fyrst brandane flytjer;
for daa opnast heimar
um aasa-sønir,
naar kjèlane kjem ifraa.

45.
Ein svip hev dei sétt
av meg, sigtiva-sønir,
daa vonar eg hjelp er aa vange;
det inne hjaa alle
æsir vert spurt
kring aaren hjaa Æge,
ved øle hjaa Æge.

46.
Grim eg heiter,
Ganglere eg heiter.
Herjan og Hjalmbere,
Tekk og Tridje,
Tunn og Unn,
Herblinde og Haar.

47.
Sann og Svipall
og Sanngjetall,
Herteit og Nikar,
Biløyg, Baaløyg,
Bolverk, Fjølne,
Grimne, Glapsvinn og Fjølsvinn.

48.
Sidhatt, Sidskjegg,
Sigfader, Nikud,
Allfader, Valfader,
Atrid og Farmaty;
berre eitt heite
hadde eg aldri
naar millom folk eg for.

49.
Eg kalla meg Grimne
i Geirrods sal,
men Jaalk hjaa Aasmund,
men den gong Kjalar
daa eg kjelkar drog,
Tro paa tingom,
Vidur i vigom,[2]

  1. Mjelte, den mjølki ein fær ved kvar mjolking. V. 27—35, 37—41, 43—44 og 54 (innskot) kjem etterpaa.
  2. Vig, strid.