Hopp til innhold

Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/58

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 50 —

der Odin og Saaga
drikk alle dagar
glade or gull-kjeri.

8.
Gladsheim heiter den femte,
dera gull bjart
Valhall mun vera;
Ropt der krev
kvar ein dag
den vaapndaude valen.

9.
Audkjent[1] er det,
naar til Odin ein kjem,
salhuse aa sjaa;
med spjot er det sperre-lagt,
med skjoldar salen tekt
med brynjur benkir
straadde.

10.
Audkjent er det,
naar til Odin ein kjem,
salhuse aa sjaa;
varg der heng
vestanfor dør,
ørn druper[2] yvir.

18.
Andrimne lèt
i Eldrimne
Særimne sjode:[3]
ovgodt flesk,
men faae det veit
kva einherjar mun eta.

19.
Gjere og Freke
mettar geir-hæve
fræge Herjafar;
men av vin einast
vaapen-gjæve
Odin alltid liver.

20.
Hugin og Munin
kvar morgon flyg
yvir verdi vide;
eg fæler for Hugin
at heim han ei rekk,
endaa meir eg ottast for Munin.

21.
Tund tyt,
Tjodvitnes fisk
uner[4] i elvi;
strid gjeng aai,
ho ov-tung tykkjest
aa vada for val-kjempur.

22. Val-grindi ho
paa vollen stend,
heilag for heilage led;
forn er den grindi,
men faae det veit
koss ho i laas er luka.

23. Fem hundrad dørar
og fyrti til
eg trur det i Valhall mun vera;
gjeng aatte hundrad einherjar
i senn or eine døri,
naar dei fèr og vargen skal vega.

  1. ↑ Audkjent, lett aa kjenne.
  2. ↑ Drupe, (Tel., Num., Hall.) hange, bøygje seg ned. V. 11—17 og 24 (innskot) kjem etterpaa.
  3. ↑ Sjode, koke.
  4. ↑ Uner, likar seg.