13.
Himinbjørg er den aattande,
og der mun Heimdall
for veom valde;
der gude-vorden
drikk i vene hall
glad den gode mjød.
14.
Folkvang er den niande,
der Frøya raader
kven eige skal sess i sal;
ho krev den halve
valen kvar dag,
den andre halve eig Odin.
15.
Glitne er den tiande,
paa gull-stolpar reist,
med sylv er take tekt;
og Forsete bur der
dei fleste dagar
og stiller alle sakir.
16.
Noatun er den ellefte,
og Njørd hev der
sine salar reist;
manna-drottnen
den meinlause
raader for høgtimbra horg.
17.
Grótt med ris
og med høgt gras
er Vidars land, Vide;
synest kulten,
som sit paa hesten,
fus til far sin aa hemne.
24.
Fem hundrad golv
og fyrti til
er i Bil-skirne vidt og breidt;
av alle dei hallir
som eg veit reiste,
son min den største eig.
27.
Sid og Vid,
Sokin og Eikin,
Sval og Gunntro,
Fjorm og Fimbul-tul,
Rin og Rennande,
Gipul og Gopul,
Gomul og Geirvimul,
dei renn kringum gude-grend,
Tyn og Vin,
Toll og Holl
Graat og Gunn-torin.
28.
Vina heiter ei,
Veg-svinn ei onnor,
ei tridje Tjodnuma;
Nyt og Naut,
Nonn og Ronn,
Slid og Rid,
Sylg og Ylg,
Vil og Von,
Vond og Strond,
Gjoll og Leipt,
dei gjeng nær Mannheim,
og sidan dei horver til Hel.
29.
Kormt og Ormt
og Kjerlaugar tvo,
deim han dagleg
vassar, Tor,
naar til tings han fer
ved Yggdrasils ask;
di at aas-bru
stend all i loge,
heite er heilage vatn.
Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/61
Utseende
Denne siden er korrekturlest