Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/56

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 48 —
Grimnesmaal
Kong Raudungs sønir.

Kong Raudung hadde tvo sønir, den eine het Agnar, den andre Geirrod. Agnar var tie vintrar gamall, og Geirrod aatte vintrar. Dei rodde, tvo paa baaten, med snøri sine og skulde fiske smaafisk. Vinden dreiv deim ut paa have. I nattmyrkre støytte dei mot eit land, og dei gjekk upp og fann ein kot-bonde; der var dei um vinteren. Kjeringi fostra Agnar, og kallen fostra Geirrod og lærde honom ymse raadir. Um vaaren gav kallen deim eit skip. Men daa han og kjeringi fylgde deim til strandi, daa tala kallen i einmæle med Geirrod. Dei fekk bør og kom til baatstødi aat far sin. Geirrod var fram-i skipe, han sprang upp paa land, men støytte skipe ut, og mælte: „Far du no dit der troll have deg!“ Skipe rak ut til havs. Men Geirrod gjekk upp til garden, han vart vel fagna, men far hans var daain daa. So vart Geirrod tekin til konge og vart ein aagjæt[1] mann.

Odin og Frigg sat i Lidskjalv og saag ut yvir alle heimar. Odin mælte: „Ser du Agnar, fostersonen din, kor han èl born med ei gygr i helleren? Men Geirrod, fostersonen min, er konge, og sit no i sitt land.“ Frigg, segjer: „Han er slik ein matniding, at han er ill mot gjestine sine, dersom han tykkjer dei kjem for mange.“ Odin segjer at dette er den verste lygn; so vaagar dei um dette. Frigg sende terna si, Fulla, til Geirrod. Ho bad kongen vara seg, so han inkje vart forgjord av den trollmannen som var komin der til lande. Han

var kjensleg paa det, sa ho, at ingin hund var so olm

  1. Aagjæt, namngjetin, fræg.