Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/57

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 49 —

at han sette paa han. Men det var den verste heimløysa, at kong Geirrod inkje var matgod. Likevel lét han handtaka den mannen som hundane inkje vilde setja paa. Mannen bar ei blaa skinnkappe og kalla seg Grimne. Og endaa dei spurde han ut, so gat han inkje eit ord meir um seg sjølv. Kongen lét han pine og vilde faa maal i han, og sette han millom tvo eldar, og der sat han aatte nætar. Kong Geirrod hadde daa ein son, som var tie vintrar gamall, han het Agnar etter bror hans. Agnar gjekk burtaat Grimne og gav han eit fullt horn til aa drikke, og sa at far hans gjorde ille, med di han pinte denne saklause mannen. Grimne drakk ut; daa var elden komin so langt at han svidde skinnkappa til Grimne. Han kvad:

1.
Heit er du, eld!
og du hosti høgt slær;
vik undan, vaae!
Um eg mudden[1] lyfter,
endaa luktar han svidd,
fatne[2] gjer feiden.

2.
Her aatte nætar
millom eldar sat eg,
mat baud ingin meg
utan Agnar einast;
og einast skal raade
i Gotaland Geirrods son.

3.
Heil deg, Agnar!
heil deg byd
Vera-ty vera;
for ein einaste drykk
du aldri mun faa
meir lagleg like.[3]

4.
Land er heilagt
som eg liggje ser
aasom og alvom nær;
men i Trudheim
Tor skal vera
til tivar mun trjote.

5.
Ydalar heiter
der som Ull hev
sine salar reist;
Alvheim Frøy fekk
i fyrnde-heimen
av tivar[4] i tann-fé.

6.
Gard er den tridje,
der blide gudar
med sylv tekte salar,
Valaskjalv velbudd
vyrkte seg der
aas i upphavs tid.

7.
Søkkvabekk heiter den fjorde,
og der dei svale
baarur yvir bærlar;

  1. Mudd, feid, pels.
  2. Fatne, taka eld.
  3. Like, betaling.
  4. Tivar, gudar.