Hopp til innhold

Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/51

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

43 35. Berga seg paa baat. Snorre fortel at sønine til Bor drap Yrne, og det rann so mykje blod at heile rimtusse-ætti drukna, berre ein kom seg undan med husfolke sitt. Dette var Bergjelme, han for upp i luren (baaten) sin med kona si og heldt seg der. Og fraa honom er rimtusse-ættine sidan komne. Vavtrudne maatte soleis vera med der. var kanskje sonen til Bergjelme. — Sume trur at det er forteljingi i bibelen um Noa som gjeng att her. Elles er det mange folk som hev gamle sogur um storftaumar (i Hellas um Devkalion og Pyrra)^ so ein karm inkje vita visst kvar upphave er. 37. Ræ-svelg, lik-sveljar. Tanken um trolle som syg hk ber Voluspaa meir fram. - Sume meiner at i Ræ-svelg hev ein Odin i utgamalt skap; vindgud, daudegud, ørn. Yvir døn til Valhall er daa siste resten av dette skape, ørnen som sit der (Grimnesmaal). Ørne-ham hadde Odin daa han førde skalde-mjøden fraa Gunnlod. Are og Arn hovud (ørn, ørne hovud) er han og sjølv kalla. 39. Njørd gisl aal gudom. Paa eit spjotskaft som vart funni i Kragehul, Fyen i Danmark, er ei runeskrift, der det stend: ek erilar asugisalas, eg jarlen til aas-gisl, fraa ikr. 500. Minst so gomol måa daa semjo vera millom æsir og vanir, daa ho var kjend i Danmark den tidi. — Weinhold meiner at vanekrigen var ein solkrig. Vindguden Odin elter solmøyi; ulvane skulde daa vera hundane hans, og vanine solgudar. 41. Einherjane (einka eller framifraa kjempur) vart vigde til Odin med spjot-styng eller hengjing og kom til Valhall. Um Hild fortel Snorre at ho vakte dei fallne kjempur til liv att um natti med trolldom. 43. Nie heimar. Det er inkje greidt aa rekne upp alle desse. Karm hende at ni-tale berre er brukt som heilt tal. Gering reknar: 1. Aasgard, 2. Vanaheim, 3. Alvheim, 4. Mid aard (mannaheimen), 5. Jotunheimen, 6. Muspellsheim (eld heimen), 7. Svartalvheim, 8. Nivlheim (eller Nivlhel), 9. Ægjes heim (vatsheimen). — Nedanfor Nivlhel er det tenkt aa vera ein straffestad for dei daude (kristeleg innverknad, meiner S. Bugge). 44. Fimbulvinteren (storvinteren) er etter Snorre tri vintrar etter kvarandre utan nokon sumar imillom. — Fraa Persia er det og ei utgomol segn um at det skal koma ein øgjeleg kald sne-vinter som drep alt liv. I ei borg sankar fé-guden Vima eit par av alt livande, som vert upphav til ein ny heim. — I Øvrepfalz (Tyskland) er det ymse sogur av same slage, og A. Olrik formar deim soleis: AH som verden bliver gammel, blive vintrene koldere, og somrene kortvarigere ; til sidst er der lutter vinter i sledet for sommer, og hele befolkningen dør ud. Kun en hyrde holder sig skjult i hulningen inde i det kolde træ" oppe paa bjærgryggen, og da modgangstiden er til ende, bliver han stamfader til en ny menneskeslægt." Han meiner at i den danske sogo um den harde kong Snjo er og noko av same tanken gøymd. — Prokop segjer ogso um folk i Tule at han trur dei fæler f.or at soli ein gong kunde verte reint burte;