Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/49

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

41 4 8. Gagnraad, han som gjev gagnlege raadir. Sume trur <let skal vera Gangraad, som daa skulde tyde ferda-mann. 9. Tid, forteljar, songar eller diktar av det gamle slage, fraa tidi fyrr dei rette- skaldane kom upp ; han var som ein lærar i gude-frøde og galder-kunnskap, difor ofte (som her) ein trollmann som kjenner løyndomane i heimen. Det angelsaks. kvæde um Bjovulf fortel at thylen hadde aa gama hirdi. Orde finst kanskje att i tul, tyl, tule, og tyder anten ein tufs, løgin selle (Hard., Tel., Agd-, Nordtj. og Snnm.) eller trugin knark (Innh.) eller furtekrok (Vald). 12. Sldnfakse. Luft og jord lyser av fakse hans,- segjer Snorre, som ogso fortel um at ein som het Dag reid Drasil (trasa, masa, sumle). Sldnfakse heiter ein ukse i ein hulder lokk fraa Folddalen (N. Øyst), fleire gamle heste-namn fraa fornkvæde tykkjest vera med. Det er ei frigge" som lokkar. — Reidgotane (austgotane) var vidkjende far hestane sine. Det fanst gamle kvæde um deim. 16. wing, ukjend. Iva er namne paa ei elv i Jøtunheimen (Torsdraapa og Kraakumaal). Det vert tydt: tvil-aai. 17. Surt tyder han som er svart. Surt er mannsnamn (paa austlandc og) paa Island i det 10. aarh.; fyrst er det til namn (sonesonen aat ein landnaamsmann). — Surtshelleren paa Island hev havt namne sitt alt fraa ikr. 900. — Surtsstadir (Sokstad no) i Vardal er og gamalt, daa namn som endar paa stadir, etter Rygh si meining, var mest brukte i vikingtidi. — Elvenamn som byrjar med Surt finst millom Agdir og Gud brandsdalen (ogso i Elfsborg, Sverige). Fjellnamn paa aust lande byrjar, og sameleis. Slike namn er visst eldre enn fraa vikingtidi. Surte kallar dei myrjord som held jarn i Dalane. Lista, Set, Tel. og Hall. (sorta paa Island), surte-kjelda Tel., surtemyr Set. - Heimstaden til namne Surt maa daa vera Norig paa sør- eller austlande. Surt tykkjest bu djupt nede i jordi baade i Surtsheller og etter Haaløygjatal (der Surt = Suttung) og i Fjølsvinnsmaal. Upphave til Surt er kanskje dette: Naar folk kom til ein stad der det hadde brunni so all ting var svart, sa dei her hev Surt (svarten) fari." Garden Surtsstadir er vel rudd paa ein slik stad. Litt um senn hama branden seg til ein svart rise, Surt, og dei tala um Surts loge; at han fer med skogøyding", segjer Voluspaa. Surt var vel eld-risen paa aust lande, sameleis som Loke paa sørlande. Og baae, meinte dei, hadde heimstaden sin nede i jordi, der det etter segnir fraa andre land jamt brann eld. Ein karm inkje segja so visst um denne eld-tanken hev heimlegt eller framandt upphav. Det vert tala um heims-branden hjaa hinduar, persar, jødar, kristne og keltar (i Frankrike og Irland), men udformningen er saa forskjellig," segjer A. Olrik, at det staar som uvist, om vi kan forfølge en historisk sammenhæng gjennem hele rækken." Og um keltane gjeld det, B at vor faste viden er indskrænket til det blotte faktum, at en saadan tro paa verdensbranden forekom i Mellemevropa paa den tid, da den