Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/48

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Mode og Magne
skal Mjølne hava
naar Vingne vegin er.“

Odin kvad:
52.
„Mykje eg for,
mykje eg freista,
mykje eg magtine røynde ;
korleis skal Odin
si avferd faa,
naar det for gudane
glepp?“

Vavtrudne kvad .
53.
„Ulven gløyper
Aldafader,
Vidar mun verke hemne;
kalde kjeftar
han kløyve mun
naar han vargen veg.“

Odin kvad:
54.
„Mykje eg for,
mykje eg freista,
mykje eg magtine røynde ;
kva sa Odin
son sin i øyra,
fyrr han vart borin
paa baal?“
 
Vavtrudne kvad :
55.
„Ingin det veit
kva i upphavs tid
du sjølv sa son din i øyra;
med feig munn eg kvad
um forne runir
og um ragnarok;
med Odin er det
eg antrast heve,
visast vert du av alle.“


Vavtrudne, han som er sterk til aa binde flokar. Han veit so mykje for di han er ovgamall. — Maal, rødu, samtale.

Frigg I „fredag“ er Frigg uppkalla etter Venus. Frigg var kona til Odin, soleis ogso hjaa langbardane. Men etter svensk folketru sviv ho um torsdags natti saman med Tor og spinn paa ein rokk. Dei kallar ho Frigge; soleis (ei frigge) er huldri òg nemnd i ei segn fraa Gudbrandsdalen. I Vestergøtland vitnar namne Friggjærakær um at ho vart dyrka. Blomar som no byrjar med Mari (Maria) hev vonleg fyrr byrja med Frigg (Friggjar-gras heiter endaa ein elskhugsblom paa Island). — Frigg bur i Fensal (havsalen), ho er framvis; sonen Balder ligg henne tungt paa hjarta. Sume meiner at ho var ein sol-guddom fraa det fyrste. Namne (av ei rot fri, elske) heng ihop med Priaqos (græsk Priapos) i Litleasia, og tyder paa gamall innverknad fraa desse kantar, meiner S. Bugge.

5. Im er ukjend; ogso ulvenamn. Elvenamn paa Im- eller Ims- er avleidde av im, dumbe eller gov. Sume trur at det fraa det fyrste hev stadi Him. — Ygg (den øgjelege) namn paa Odin.