Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/47

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

<poem> i nie heimar kom eg, nedanfor Nivlhel, dit kjem daude menn fraa Hel.“

Odin kvad:

44. „Mykje eg fór, mykje eg freista, mykje eg magtine røynde; kva liver av menn naar det lid til dess at fimbulvinter er farin?“

Vavtrudne kvad:

45. „Liv og Livtrase løynde held seg i Hoddmimes holt; av morgon-doggi sin mette dei fær, fraa deim ættir mun alast.“

Odin kvad:

46. „Mykje eg fór, mykje eg freista, mykje eg magtine røynde; kvar fær dei sol att paa himilen slétte, naar varg den gamle hev gløypt?“

Vavtrudne kvad:

47. Alvròdul ber ei bjart dotter fyrr Fenre den gamle hev gløypt; brauti[1] til mor si møyi ho rid, naar gude-dauden er gjengin."

Odin kvad: 48. „Mykje eg fór, mykje eg freista, mykje eg magtine røynde; kven er dei drosir, som dreg yvir hav og visst sin veg finn?“

Odin kvad:

49. „Tri stor-elvar yvir torpe[2] fell til Mogtrases møyar; hamingjur[3] alle gjenom heimen dei fer, endaa dei hjaa jøtnom er alne.“

Odin kvad:

50. „Mykje eg fór, mykje eg freista, mykje eg magtine røynde; kven av æsir raader for gude-eignir, naar Surts loge sloknar?“

Vavtrudne kvad:

51. „Vidar og Vaale i veom[4] skal bu,

naar Surts loge sloknar;

  1. Braut, veg.
  2. Torp, gard.
  3. Hamingje, ei som gjeng i ham, ei fylgje.
  4. Ve, heilagdom ; her: bustad til gudar.