Hopp til innhold

Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

<poem> kva fyrst do minnest og fremst du veit, du den allkloke jøtun?“

Vavtrudne kvad:

35. „Ovmange vintrar fyrr jord vart skapt, daa var Bergjelme borin; det fyrst eg minnest er fræge jøtun daa han berga seg paa baat.“

Odin kvad:

36. „Seg for det niande, so sant du er gløgg, og vit du hev, Vavtrudne: kvar vinden kjem fraa som fèr yvir vaag, endaa ingin ser honom sjølv?“

Vavtrudne kvad:

37. „Ræsvelg han heiter, sit ved himil-enden, jøtun i ørne-ham; av vengine hans vind mun koma ut vvir vide verdi.“

Odin kvad:

38. „Seg for det tiande, daa du sogo um gudar all, Vavtrudne, veit: kor Njørd kom inn millom aasa-sonom — horgir og hov han hev i mengd — men vart kje hjaa æsir alin.“

Vavtrudne kvad:

39. „I Vanaheim skapte vise magtir honom og sende til gisl aat gudom; naar æva er all, han att mun koma heim til dei vise vanir.“

Odin kvad:

40. „Seg for det ellevte, kvar alle dagar dei svingar sverd i tun; etter manna-fall stort fraa striden dei rid, sit sidan i lag saman.“

Vavtrudne kvad:

41. „Einherjar alle i Odins tun svingar sverd kvar dag: etter manna-fall stort fraa striden dei rid, sit sidan i lag saman.“

Odin kvad:

42. „Seg for det tolvte, kor du sogo aat gudom all, Vavtrudne, veit? um rune-løyndom til risar og gudar seg sannast det du veit, du allkloke jøtun.“

Vavtrudne kvad: 43. „Um rune-lærdom til risar og gudar eg sant kann segja, for i alle heimar eg heve vori;