6.
Hermod han reid
til hel-grindi fram,
hardt laup hesten yvir grind.
Heim reid han lenger
til halli fram;
saag der Balder sitja.
7.
Bad han at Hel
vilde Balder lata
heim med honom ride.
Hel:
„Um alt det som bid
for Balder vil graate.
attende til æsir han fare
Men er det einkvar
som inkje det gjer,
med Hel han skal haldast.“
9.
Baugen[1] Draupne
Balder sende
Odin til eige.
Nanna ho gav
gaavur til Frigg,
til Fulla finger-gull.
10.
Um allan heim æsir
ærends-menn sende
aa beda Balder fraa Hel.
11.
Alle gret dei:
[elden og vatne,]
jord og malmen all.
Daa heim dei fór
dei fann i ein heller
ei gyger sat, ho svara:
12.
„Turre taarir
Tokk mun graate
yvir Balders baalferd.
Korkje kvik[2] hell daud
Karls[3] son meg bata.
Halde Hel det ho hev!“
13.
Og menn det meiner
at det var [meinslege]
Loke Lauvøy-sonen.
Ilt hev han jamt
mot æsine gjort,
[atall var all hans ferd.]
Paa grunnlag av dette kvæde er det von at dei hev runni upp, folkevisune um Hermod unge (Aasmund og andre) som fór til Trollebotnen, og um at alle ting gret (i visa um Bendik og Aarolilja). Draumkvæde og hev sumt fraa denne Hermods-ferdi.
Det tykkjest ogso ha vori ei Loke-kvida um korleis Loke vart fanga og bundin, men det er inkje so mykje att hjaa Snorre, so ein kann gjera nokor uppatt-stelling av versi.