Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/42

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

<poem>

Odin kvad:

1. „Raad meg no, Frigg; ei ferd meg lyster, aa vitja Vavtrudne. Forvitin aa freiste forn-frøde[1] eg er hjaa den ovkloke jøtun!“

Frigg kvad:

2. „Heime eg helst Herfader saag i gude-gardom; for av alle jøtnar mun ingin so ram som Vavtrudne vera.“

Odin kvad :

3. „Mykje eg for mykje eg freista, mykje eg magtine røynde; no vil eg vita korleis Vavtrudne hev stelle hjaa seg.“

Frigg kvad :

4. „Heil du fare! og heil att kome! heil du paa vegom vere! Vite ei svike, naar sjølv Aldafar med ein jøtun skal ordast.“

5. Fór daa Odin ordleik aa freiste hjaa den ovkloke jøtun. Halli han fann som far til Im aatte; inn gjekk Ygg strakst.

Odin kvad :

6. „Heil Vavtrudne! i hall er eg komin og vil deg sjølv sjaa; fyrst vil eg vita um vismann du er og ein ovklok jøtun.“

Vavtrudne kvad:

7. „Kva er du for mann som i mine salar vil antrast med meg i ord? Ut skal du her fraa halli ’kje koma

utan du meistre kann meg.“

  1. Forn-frøde, gamall visdom.