Hopp til innhold

Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 32 —

Frigg:
7.
„Det veks ein ved-tein
vestan for hall,
som tottest for ung
til eid aa krevja.
Var han vaksin
høgt yvir voll
mjuke, fagre
mistil-teinen.“

Loke sleit upp mistilteinen og gjekk til tinge. Hòd stod ytst i manngarden. Han var blind. Loke spurde kvi han inkje skaut paa Balder.

Hòd:
8.
„Inkje eg ser
kvar Balder er,
og eitt er det,
eg er vaapnlaus.“
Loke:
„Sømd du vise!
syne mun eg
kvar Balder stend;
skjot med teinen.“

9.
Vart av teinen,
som tottest so grann,
skadeskot stygt.
Hòd han skaut.
Skote det flaug,
og fall han til jord
[Balder bjarte,
best av alle.]

10.
Tyngste trege
som tenkjast kunde
for megtuge gudar
og mannaheimen.
Ingin eit ord
evide segja
um [heite] harme
[og hugverk store].

(V 7, 2 etter Bugge Stud. I V. 7, 4—0 og 9, 1—4 etter Voluspaa).

Brot av Hermods-ferdi.

Frigg:
1.
„Kven er med aasom
som eignast vil
aast[1] og ære hjaa meg?
Freiste fær han
aa fara hel-veg
og bjode for Balder løysing.“

2.
Hermod er nemnd
den hæve sveinen,
han steig paa Sleipne upp.
I nie nætar
no reid han fram
yvir døkke dalar og djupe.

3.
Gjallar-bru lyser,
med gull er ho tekt,
henne gjæter Modgunn møy.

Modgunn:
4.
„Fylke fem reid
fyrre dagen
med daude drengir yvir bru.
Under deg aaleine
dyn ho det same.
Kvi rid du her paa helveg?“

Hermod:
5.
Hev du Balder
paa helvegen sét?
[du dyl inkje det for meg.]

Modgunn:
„Eg heve Balder
paa hel-vegen sét.
Ned og nord er leidi.“

  1. Aast, kjærleik.