Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/39

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

31 V. 1 i B.dr. er det same som v. 14 i Trymskv. F. Jons son trur difor at same skalden hev dikta baae. V. 3, 5 — 6 liknar Trk. 5, I—2; mange andre likskapar er det. Ein finn same sans for drykk, klæde, prydnad, hest og hund som i Trk. og Rigst. Det er inkje urimelegt anna same mannen karm ha dikta alle tri kvædi. Men ei lang livsrøynsle ligg daa imillom det fyrste hugheile kvæde um Rig og Balders draumar med so myrke syn paa framtidi. Kor som er, er det ein stor diktar som hev skapt desse verki. Sjeldan finst det eit kvæde som med so faae ord karm fortelja so mykje og skildre so vel som Balders draumar. Nokre av Snorres forteljingar um Balder tykkjest vera umgiorde kvæde. Dei gamle versi syner seg mange stadir. Og desse hev eg freista stelle upp att. Det er greidt at mykje er mist og hev veikna av. Men det vert daa noko att korso. Eg kallar eit kvæde Balders-kvida, og det andre Hermods ferdi. Det fyrste tykkjest ha byrja med same inngangsversi som Balders draumar, og karm daa hava same upphavsmannen. Brot av Balders-kvida. i. (Raadlag heldo rauste gudar,) kor dei skulde Balder berge for feigd. Daa tok Frigg alle ting i eid: 2. Grid for Balder gjeve eld og vatn, jarn og jordi og alle malmar, steinar og ved, sottir, dy ri, eiter-ormar og [alle] fuglar!" 3. Skjemt vart haldi. Skulde paa tinge Balder stande skotfri for alle. Sume dei skaut, sume hogde, [store] steinar sume hivde. 4. Lika Loke, Lauvøy-sonen, ille at Balder ingin ting saka. Kvende-ham han kasta paa seg, og so til Frigg i Fensal gjekk han. Frigg spurde kva æsine gjorde paa tinge. Loke : 5. [ Stande skal Balder skotfri paa tinge.] Alle dei skyt, men inkje det saka r." Frigg: «Korkje vaapn hell verju karm vega Balder. Eid hev eg teki av alle ting." Loke : 6. Hev alle dei ting [som tenkjast karm] lova med eid aa live Balder?"