Hopp til innhold

Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/38

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

30 seilenes forreste hjørner." Han tenkjer daa paa møer som vække storm paa havet, havfruer. Ægers døtre." Desse græder ret af hjærtens lyst over den døde Balder og slynge seilskjødene til himmels." — Annarleis kanii ein taka det, um ein med skaut (firkanta klæde) meiner halsduk. I den heite graaten kastar kvendi halsplaggi av seg. — Framsyne til Odin er vel tenkt paa den maaten, at han ser bilæte fyri seg, men veit inkje sjølv klaart kva dei tyder. Naar han no skygner graatande møyar, bind han det ihop med Balders lagnad, men vil faa nærmare visse hjaa volva. Han vonar i lengste lage at han her ser ein utveg til aa berge sonen. Det var den trui at ein kunde graate fram att dei daude. Det vert fortalt at Hel sa at Balder skulde faa koma att, der som alle vilde graate. Daa var det einast eit kvende som inkje gret, ho kalla seg Tokk, det var Loke. Han raader for at Balder inkje kjem att, segjer Loketrætta. — Meiningi med spursmaale kunde daa vera dette: kven vil graate Balder heim att? Svare skulde vera: det vil alle, so nær som Tokk, Loke. Men svare kjem inkje fyrr iv. 14, og daa paa denne maaten: so langt er det ifraa at Loke vil hjelpe Balder heim att, at han tvertimot vil slite dei bandi som han vert bundin med og koma i lag med deim som skal tyne Odin og alle gudar i ragnarok. Men ho svarar inkje so tydelegt at Odin skynar heile samanhenge strakst. Den løynde talen hennar set berre støkken hardare i han. 13. Ved spursmaale i v. 12 syner Odin seg so framvis, at volva skynar kven det er. Volva som er mor til tri tussar maa vel vera Angerboda, kona til Loke; dei hadde borni: Hel, fenresulven og midgards ormen, som nett skal koma i ragnarok. Ei stutt uppreisning er det Odin hev ved at han fær ein son som skal hemne Balder. Ulukka, som dei vonde draumane varslar um, stansar inkje fyrr alle gudar fell. Og Loke, som var upphavsmannen til Balders bane, kann inge band halde. Han vert meister yvir dei alle. 14. Ragnarok-, laak lagnad for gudar, gudedaude, enden paa verdi, eit ord som det stend støkk av for sjølve Odin. Merkeleg er denne trui at gudane skal døy, falle for sine fiendar, Odin for fenresulven, og Tor for midgardsormen. Andre ransmennar som fer ute, er Surt og Muspells sønir og Loke. — Irane r) hadde ogso gamle sogur um ragnarok". Den store kamp, hvor gudernes og jætternes ypperste fineler døden, maa betragtes som en for nordboer og kelter fælles forestilling." (A. Olrik). — Tanken um at Loke ligg bundin til ragnarok, trur Bugge hev upphave sitt fraa Johannes-evangelie og Nikodemus-evangelie og den engelske diktaren Cvnevulf (Bde aarh.?) ') .Ligheden er ret haandgribelig imellem nordboernes Loke og irernes Eochaid Bress, den fagre jættebaarne svend, der tidlig er optagen i gude- kresen. men bringer ulykker og endelig henter jætteskarerne til den store kamp." (A. Olrik).