Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/193

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

36.
Heiv han kjèlen
av herdane ned,
skobeitte Mjølne
slengde han fram
og berge-beisti
braatt slo i hel.

37.
Dei fòr inkje langt,
fyrr Lorride saag
at halvdaud var bukken
og heldt paa stupe;
skokle-hesten
var skakkføtt vortin,
og det var den løynfule
Loke som valda.

38.
Segja kann skilleg
sogo um dette
kvar som hev greide
paa gude-frøde,
at av bergbuen
bot fekk Tor,
baae borni
baud han seg fylgje.
 
39.
Kom trauste kulten
paa tinge heim,
hadde han kjèlen
som Hyme aatte.
Vel skal no gudar
vinter kvar ein
øl faa drikke
i Æges-halli.




Hyme[1] vart avleidd av hum, myrk. Hum er fjord-beite i eit vers av Harald Hardraade (hjaa Snorre). Namne vert ogso tydt av same roti som himin (himil) (smln. namne paa uksen hans, Himinrjot, hjaa Snorre); Hyrne vert daa „den demon, som har den molnbetäkta himlen i sit våld“ (Hellquist), likt med Uranos (græsk) og Varuna (indisk), og det vert meint at det ligg til grunn „en urgammal høstmyt“ og at hjaa Hyme en ljusgudomlighet, Tyrs moder, befinner sig.“

Med kjèlen tenkjer sume paa have; ein kunde ogso tenkje paa varme kjeldur.

I Hymeskvæde tykkjest 4 emne (fraa segnir eller kvæde) aa ha runni ihop: 1. Kjèl-hentingi. 2. Tvo menneskje hjaa trolle. 3. Tor fiskar Midgardsormen. 4. Eine bukken til Tor vert halt.

  1. Han vert kalla forn jøtun, og Fornjot er jøtun-namn i sogur.