Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/175

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

167 og det orde gjekk, at Gunnhild hadde fengi eit kvende til aa gjeva han forgift. Etter ragnarok skal (v. 63) sønir aat tvo brørar byggje saman. Her kunde ein tenkje paa sønine til brørane Olav og Bjørn: Trygve og Gudrød, som kom seg undan til Upp landi. ,Kong Haakon gav Trygve og Gudrød kongsnamn og det rike som kong Harald hadde gjevi fedrane deira," segjer Snorre: Raanrike, Vingulmork og Vestfold. Det laut daa vera voni som skyt upp um kong Haakon den gode, som var den historiske bakgrunnen for framtids syni um Balder som kjem att, og um tidi som skal gjeva alle lukke. Daa Haakon kom til Norig hausten 934, sa folk at no var Harald Haarfagre komin att og hadde yngst upp att andre gongen." Haakon vilde inkje trælke folk, so som faren, men gjeva bøndane att odelen. Han var rettlaatin" og vilde kvar mann godt." Tidendi um koma hans gjorde alle glade. Det trudde me bøndar at daa hadde me teki himilert med hendane," sa Aasbjørn fraa Medalhus. Med Haakon var konge var det god fred millom bøndar og kaupmenn, so ingin skadde den andre eller eigedomen hans; daa var det gode aaringar baade paa sjø og land." Og den eine fortalde det til hin, og det flaug som elden i det turre graset alt aust til landsenden." Haakonarmaal (stutt tid etter 960), tykkjest vise kjennskap til Voluspaa; det vert der sagt um Haakon at Fyrr skal übundin mot Asks sønir Fenres ulven fara, fyrr enn i fare aat den fræge kongen jamgod konge kjem. Vonleg var ogso kong Haakon sjølv i dei fyrste kongs-aari sine (fyri 950) berar til den nye guds-tanken paa same varsame maaten som Voluspaa. Fyrr ein kunde bjode det nye heilt fram, laut ein fyrst rive ned det gamle og vende folkehugen til lengt og von um ein ny storgud, megtugare og reinare enn dei gamle. Eiriksmaal er skrivi fyri Haakonarmaal, men etter 950, daa kong Eirik døydde. Ei line i dette kvæde tykkjest syne kjenn skap til Voluspaa. Det var fruga Gunnhild som fekk ein skald til aa yrkje kvæde, kann-hende til ei motvegt mot Voluspaa, som etter folks tykkje hadde den undermeiningi aa taka all æra fraa Eirik. Talen hans Haakon den gode ikr. 950 tykkjest vise kjenn skap til Voluspaa v. 1. Etter dette skulde Voluspaa vera fraa tidi millom 934 og 950. Islendingen skalden Kormak kved, midt i det 10de aarh., med ord som syner at han kjenner Voluspaa : Jordi skal