168 søkke, dei store, fræge fjelli sige i det djupe hav (fyrr det vert født so fager ei møy som Steingjerd)." I det kvæde som Egil Skallagrimsson gjorde paa ei natt hausten 936 til aa berge live sitt for Eirik Blodøks i England, Hovudlausn, der finn me fleire ting som tykkjest syne at Egil kjenner Voluspaa og nyttar eitt og anna derifraa i kvæde sitt.*) Haakon den gode kom til Norig hausten 934, og for daa til Trondheim. Vinteren etter, 934—935, var baade Haakon og Eirik kongar. Vaaren 935 tala Haakon til trøndine og vart tekin til konge. So drog dei herar saman; Haakon var den sterkaste, o'g Eirik og Gunnhild laut røme med borni sine til England. Sumaren 934 drog Egil fraa Norig til Island. Sumaren 935, daa Haakon og Eirik drogst um Norig, gjekk det inkje noko skip fraa Norig til Island som kunde bera tidend um hendingar i Norig. Det var fyrst um sumaren 936 det kunde koma tidendir til Island; daa fekk vel Egil høyre Voluspaa, som han soleis hadde i friskt minne daa han um hausten tok ut og drog beinast til England og utan fyribuing laut dikte kvæde sitt paa ei natt. Det som sveiv friskt i hugen hans fraa andre skaldar er det daa greidt kom til aa hava inn verknad paa han. Reisa hans Eirik fraa Norig skimtar ein kann-hende bak siste verse i Voluspaa fura Nidhogg som flyg burt). Voluspaa skulde daa skrive seg fraa tidi millom sumaren 935 og suma ren 936. Fullvisst karm ein likevel inkje endaa segja naar Voluspaa er yrkt. Heile kvæde er so aalment at ein karm tykkjast finne heimfesting til det paa ymse stelle og tidir. Eitt er det, kvar det skriv seg fraa i den formi som me no kjenner det. Eit anna er det, kvar ein skal finne upphave til det fraa fyrsto. Meining i med kvæde. F. Jonsson segjer: «Forfatterens hensigt var for samtiden at fremstille den hedenske lære ren og uforfalsket, og særlig at fremhæve den sidste tid, gjen fødelsen og det dermed forbundne liv, for at vise at den hedenske lære i saa henseende ingenlunde stod tilbage for den nye bebudede lære, den kristne tro, som stadig trængte sig mere frem. Digtet er saaledes, efter min opfattelse, frem kaldt ved kristendommens indtrængen eller ved forsøg paa at indføre den, og er forfattet for at modarbeide denne." Det vøre daa likevel inkje heidindomen slik som han hadde vori paa det siste som skalden held paa. Men naar ein reinskar ut villskoti fraa dei siste tidir og fører alt attende til det gamle, laut han daa meine at heidindomen i mange maatar vart so lik den nye trui, at han kunde vera jamgod med henne. At gudane hadde last og lyte synte Loketrætta. Ein ny gudeheim maa fram.
- ) Nokre sjeldsynte ord og talemaatar og stevbruk.