Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/170

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

162 (A. Olrik). Paa Jylland er det ei remse slik: «Fanden kunde ikke seile, førend han fik søndags negle." 50. I den andre flokken som kjem austanfraa er Loke og Fenre med Muspells sønir (sjaa Loketr. 42); dei kjem siglande. Snorre segjer at Fenre kjem med gapande munn, den eine kjeften i himilen og den andre ved jordi; eldar brenn av augo og nasane paa han. Loke vert kalla bror til Byleist, som S. Bugge meiner kjem av Beelzebub. Rette namne-skape vonleg Byleipt; anten storm-ljon" eller M tore-ljon". 51. Surt, sjaa Vavtr. 17. Skalden gjev her skildringar som kunde høve paa eit eldsprutande berg, som han vel karm ha høyrt gjeti fraa Island, der det var ein gøys i det 9. eller 10 aarh.; fraa Kotlu gjaa aar 894. Nokre islendske vers fraa det 13. aarh. i Bergbua-taatt skildrar eit sprutande eldberg paa noko-lik maate: berg tek til aa falle ned, eldmyrjo flyg til vers, jøklar brenn, himilen rivnar. Snorre segjer at baade fyri og etter Surt er det brennande eld. Ein kunde tenkje paa skogbrand (i storskogen sunnanfor bygdi der skalden er ifraa) og eldkongen rid midt i logen. I Fjøllsvinnsmaal tykkjest det som Surt er mann til gygri Sin mara (Muru), og ho er meint vera den same som Hel. Himilen klovnar. Kynevulfs Krist" melder ogso at himil kvelven brest. 52. Lin (Hlin) er namn paa Frigg. Fyrste sorgi hennar var at Balder dø}'dde. — Bele er vel ein jøtun^som Frøy hev feilt. 54. Vidar, sjaa Vavtr. 51 og Grimn. 17. — Valdyre, ulven Fenre, som fer og grev i valen (likhaugen), er son til Kve drung, Loke. 55. Lodyn, eit anna namn paa Jord, mor til Tor, som iv. 56 ogso heiter Fjørgyn. Hludana het ho i Tyskland. S. Bugge meiner at namne kjem av Latona, som angelsaks. handskrift kallar mor til Jupiter, |>unres modur". 56. Meiningi er at Tor gjeng nie fet fraa ormen og stuper daud. 57. I Tudal i Telemork hev folk havt den trui at jordi skal øydast av vatn. I Danmark (mest paa Jylland) er det mange stadir slike truir. Vatne skal stande "so høgt at ein ukse skal koma symjande til kyrkjetaarni. A . Olrik segjer at denne okse eller røde stud" synes ikke at være noget sædvanligt dyr, siden det kommer svømmende over den uhyre havflade; det maa høre selve havet til. Altsaa en gammel mytisk forestilling." Paa Island og i Øvre-Pfalz i Tyskland finn ein og den trui at vatn skal øyde jordi. Like eins i Irland. Um keltane i Frankrike skreiv Strabo aar 19 e. Kr. at dei trur at v elden og vatne ein gong skal faa yvirmagti i verdi". Naar jordi er tyft fram or have, er det ogso rimelegt, at enden vert at ho sig ned att i have.