Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/171

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

163 i Fraa India er den sogo, at jordi laag i eit ovstort hav, til dess guden Brahma tok bjørneham, dukka ned i have og henta jordi upp. Naar ho vert aldrug og brenn upp, andar skaparen tunge skyir fram, det regner i 100 aar, til alt er gøymt av vatn. Skaparen sovnar. Men naar han vaknar, lyfter han jordi fram att or have. A. Olrik meiner likevel at «det er sikkert ikke umiddelbar forbindelse" med Voluspaa, men at vegen ligg um keltane. Merkelegt er det likevel, at i India er nemnt dei tri vaa-ane: eld, vatn og sky (skodd, vind) liksom i Voluspaa og i sogo um Fornjots tri sønir, og i talen um dei tri vaa-ane i Setisdalen. Endaa um det inkje skulde vera paaviseleg samanheng, so tykkjest dette vera utgamle tankar, som kvart folk karm fostre, at eld, vind og vatn er dei tri magtir som er fiendane til menneski. Fraa Irland er det ei sogu um slage millom risar og gudar paa Tured-sletta, fraa det 15. aarh.; men uphave til ho er fraa det 10. aarh. Likskapane med ragnarok er desse (etter A. Olrik): „ Først er der selve det, at gudefolket som samlet uhyre hær staar overfor jættefolkets endnu større masser. Dernæst er der en bestemt slette som kampplads. For det tredje er der visse af de betydeligste guders fald: gudekongen Nuadus død, med tilhørende hævn af Lug, og Ogme den stærke svends fald " Sml. Balders dr. 14. 60. Fimbul-ty, stor-gud. Dei fleste tenkjer paa Odin, som er kalla fimbul-tul. Odin hadde vel tidleg ottast kva lagnad han skulde faa, og forkynt det ved løyndomsfulle runir. — Elles karm ein ogso tenkje paa den gamle storguden, som no kjem att, Høne (Ty, Ull). 63. Det nye tuntree het vonleg Glase (den straalande). Snorre hev eit halvvers um dette: Glase stend med gull-lauv paa fyri Sigtys salar. Sml. Johannes' openberring, som nævner livsens træ i det himmelske Jerusalem, midt i Guds paradis. Det fra bibelen stammende livsens træ bærer i andre kristelige sagn gyldne æbler" (S. Bugge). Brødre-søiiir — Utgamall bu-skipnad som det til nyleg fanst spor av i Tydalen i Trondheim, var slik, at gifte sønir budde, saman med borni sine, paa fedre-garden og hadde berre eitt hushald. Um mange slike stdrlydar budde sam-tunes, hadde dei endaa sameige og sambruk i jordvegen heile grendi eller byen. Ein bløyg var sprengd inn i ættesamlage ved trælar og leiglendingar, ved at jord kom paa handel, og ved Harald Haarfagre sine gard-rov." (Sjaa Bondeskipnad i Norig"). Grimnm. tenkjer seg at gudane og hadde denne einskiljings hugen som fylgde tidi (sjaa Haav. 36, 37), med di dei hev alle sine serskilde gardar; far og son, mann og kone hev kvar sin gard (bø), med namn som endar paa heim, land, dal, bekk, vang, tun, og sovori.