Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/169

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

161 Surts skylding, anten den same som jøtun (skal det vera Fenre, raaa det daa upphavleg vera tenkt paa skoddi som sig fram yvir himilen, eller vinden) eller elden (men er asken det same "som Mime-tree i Fjølsvinnsmaal, so stend der at korkje jarn eller eld feller det), eller vatne (i Ynglingatal er elden kalla bror til sjøen. Sameleis vert Loge sagd aa vera bror aat Æge, sjøen, og aat Kaare, vinden; dei tri vaa-ane" talar dei um i Setisdalen, det er: vatn, vind og eld). Det er vel meiningi at Yggdrasils ask fyrst tek til aa rugge og sidan fell. 49. Ryni*), (han som er skral og styrd), stor-trolle. jønnund gand (gand er elve- eller fjord-namn sume stadir, tyder kanskje stav"); ormen er Midgardsormen, tenkt som eit elve troll, som i flaumen ber isflak og skog i fange som ein skjold og set upp paa land og sprutar eitr (som Snorre segjer), valdar ulukke og tek mange liv, so folk lyt fara helvegen (Naglfar, daudingskipe, losnar), og ørni fær nok lik aa tyste seg med. Etter folketrui finst det sjø-orm baade i elvar og sjøar. Ei sogu fortel um at sjø-ormen i Mjøsi vart drepin med pilir av drengen aat ein bisp. Fraa Foksjøen i Børgsen sette tvo ormar ut clvi til Laugen. Den eine vart der. Den andre sette lenger ut, men slo seg i hel i ein foss og flaut burt til Bynese. I Selbusjøen ligg det ein orm som hev vori der sidan stor flodi. Naar han ein gong snur seg, vil han brjote ned det fjelle som demmer for sjøen, og daa vert Nidaros yvirfløymd. — Naar ein sjøorm syner seg, varslar det ulukke og stor hendingar. — Paa ymse stadir gjeng det sogur um folk som set motlag med ormen, og um ein finn som mana ormar paa elden, men til slutt kom lindormen ut or fjelle og gløypte finnen. Paa Færøyane ligg ein lindorm paa gull. Naar han fær hovude ut or haugen, skal det verte ende paa bygdi. Paa Island ventar dei at ormen i sjøen Lagarfljot skal koma fram ved verdsens ende. Paa Jylland gjeng det mange orme-segnir. Naar lind ormen kjem fram, skal det vera ende paa verdi. Under Brande kyrkje ligg ein lindorm og £t lik. Ein gong vil han velte kyrkja og gjera ende paa mange menneskje. Tvo uksekalvar strider mot han og feller han, men dette røyner so paa deim, at dei gjeng sju og ni stig og stuper daude. Det angelsaksiske kvæde um Bjovulf fraa det 8. aarh. (skrivi ikr. 900) fortel at Bjovulf drogst med ein drake so det vart banen til baae. H. Schiick meiner at gamle svenske kjempekvæde ligg til grunn for dette. Naglfar er etter Snorre eit skip som er bygt av daude menns neglar, difor maa ein klyppe neglane paa folk fyrr dei døyr, elles aukar ein vyrke til skipe. Efter islandsk folketro skal hver afskaaren negl skjæres eller bides i tre stykker, ti ellers laver djævlen et helt bord af dem i ligskibet (nåskipiS)" ) Rimsjo tvo stadir i Selbu. Hdda-kvæde. 11