Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/164

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

156 lom æsir og vanir. 9de og 10de lina meiner sume er tilsett seinare, og at her er meint gull-smeltingi. Tri gong. Finnane (lappane) trudde det, at naar ei sjæl var skapt, laut tri guddomar etter kvarandre bera ho, fyrr rette mori fekk fostre. Tri gongir laut dei drepa trollkjeringi Hild, tvo gongir skøytte ho seg ihop att (Soga um Didrik av Bern). Ein byting paa Hordaland sa at han hadde havt sjau soge mødrar, ein annan hadde vori stuvfeld tri gongir og uppatt runnin av roti tri gongir, og ein i Telemarki hadde vori tri gongir gift og tri gongir burtskift. Han valda at ein drap bror sin. Brend vart trollkjeringar. Sjaa Hyndleljod 48 og Atlemaal 87, der det er nemnt at dei fyrst vert steina, Hyndl. 41 talar um at Loke aat av hjarta aat eit kvende som var brent paa lindebaal. Etter bod fraa far sin brende Eirik Blodøks inne 80 trollmenn.*) 18 Heid het ei finn-tøkje paa Haalogaland som spaadde Ingemund den gamle utrulege ting (etter aar 872). Han var kong Haralds mann. Og dette hende vart vidspurt. Sidan vert Heid namn paa ymse volvur (segnir um Orvar-Odd, kong Frode; sml. Hyndl. 32). Gand er," segjer S. Bugge, et af en ond aand besat og bevæget væsen eller aand, som ved trolddom sætter et andet væsen i bevægelse. — Bruges af skaldene for at betegne noget som skader noget andet." Detter og Heinzel: Ho trolla yvir stavar eller ulvar eller ormar, gjorde stavar til trollstavar, og tvinga ulvar eller ormar til aa vera ride-hestar eller taumar aat seg." Ynglingatal, og etter dette Snorre i Yngling-sogo, fortel um seidkona Huld som dronningi Driva fekk til aa trolle live av mannen sin, kong Vanlande. Sidan seida ho for sone-sø nine hans, og sa ved deim at meir skulde ho seide, og like eins at skyldfolk jamt skulde drepa kvarandre sidan i ætti til Ynglingane. Voluspaa syner i ymse maatar paaverknad fraa Ynglingatal. Meiningi med vers 23-24 er, kor som er, tydeleg. Orsaki til ulukka i verdi er: gull, kvende og trollskap. Desse tri slagi er runni ihop og hev vorti manngjorde i den trifelde Gullveig. 25. Det vart vonleg kravt bot av vanine, og gudane sam raaddest um dei skulde negte boti eller finne seg i at vanir vart jamnstelte til aa krevja ofring med æsine. 26. Odin gjorde ende paa tingingi; han skaut spjote mot vanine og opna striden, som fekk det utfalle at vanine tvinga aesine til aa gjeva seg jamstelling. Mogk meiner at v. 23—24 talar um krig med risane. Gull veig skulde daa vera ei gygr.

  • ) Naar trollkjeringane hadde stemne, vart djevelen i bukke-skap brend

til oske, men strakst var han livande att, trudde folk i millomalderen.