Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/163

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

155 væseners skjæbne, havde sit bo ved Yggdrasils ask, og at de af kilden ved dens rod øste over den det vand, der holdt den frisk. Denne forestilling synes nordboerne selvstændig at have udviklet, mulig i tilslutning om spaaende kvindelige væsener ved hellige træer og kilder." Um Urdar-brunnen sjaa Haav. 111. S. Bugge set deim i samanheng med den latinske soga um Apollos laure. I denne forekommer et til solguden helliget træ, som har tre rødder. Disse tre rødder sættes i forbindelse med det for spaadomsevnen nødvendige kjend skab til fortid, nutid og fremtid. Lauren identificeres her med den trefod, som kaldes solkongens bord". Sml. Læradr Grimn. 25. .. . . Naar ein vess kallar nornine Soli og Maanen, so tykkjest det vise attende til utgomol tru, at sol- og maane-gydjur var dei eldste nornir. Frigg (gamall solguddom) var klok paa fram tidi, og Frøya bed dei i Setisd. um hjelp paa barnsengi. Nornir hev band av gull og sylv (sol og maane). I Merse burgkvæde er Sunna og Sinhtgunt systrar, og Friju (Frigg) og Volla (Fulla), og dei signer og lækjer. Namn paa nornine. Mogk trur at namni paa nornine skriv seg fraa det 12. aarh. Namne Urd finst elles ymse stadir i Gamle-edda og er utgamalt. Orde tyder lagnad (gamalltysk wurt, angelsaksisk wyrd). I England veit dei um thre weird systirs". (Sml. Macbeth). Tri nornir er det tale um her. Elles er det fleire. Faavnes maal segjer, v. 13, at det er mange slag nornir; sume er aasborne, sume er alvborne, sume er døtrar til Dvalin. Snorre segjer at nornir kjem til kvar mann som vert fødd og skaper alder. Det er vel samanheng millom nornir og hamingjur og fylgjur og valkyrjur. (Sjaa upplysn. til Vavtiv s. 46). 21. Jarngygri (andre les: gamla i jarnskogen) er etter Haaløygjatal Skade, ski-disi, dotter til jøtunen Tjasse (Haust long). Ho hadde samlag med Loke (Loketrætta) og er vel den same som Hyndleljod kallar Angerboda. Ho var elles gift med Njørd (Skirnesmaal), men hadde ogso born med Odin (Haaløygjat), Frøya var vel dotter hennar med Njørd. Skade var vonleg mest kjend nord i Norig. Angerboda hadde med Loke borni: Fenre, Hel og Mid gardsormen. Fenre vert det fyrst fortalt um ; han er vel tenkt aa vera ein av sol-ulvane (sjaa Grimn. 39). Her er han endaa inkje bundin. Han kjem laus i ragnarok. Alle 3 systkini høyrer til i Helheimen. 23—24. Gullveig (gull og strid manngjort) held sume for namn paa Frøya, som dreiv med seid; ho lærde æsine aa seide, og ho gret gulltaarir, segjer Snorre. Me kjenner ingi segnir um Gullveig elles, at ho vart brend i Odins hall. Men denne hendingi vart upphav til den fyrste folkstriden, krigen mil