Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/165

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

157 27—28. Snorre fortel at ein rise hadde teki paa seg aa byggje borg um Aasgard, og vera ferdig til sumarmaal, mot aa faa sol og maane og Frøya (Ods møy). Han vart mest ferdig; men Tor er det som hindrar verke etter Voluspaa, Loke etter Snorre. Loke hadde vel skuld i lovnaden. — Upphavleg er det vel meint ismuren som vinteren byggjer og vaaren bryt ned. Segni vart sidan fortald um domkyrkja i Nidaros. Hei lag-Olav var i beit med aa faa upp spire. Eit troll i Lade hamaren tok det paa seg, mot aa faa sol og maane, og ingin maatte nemne namne hans. Men um natti høyrde Olav at troll-ungen nemnde far sin ved namn. Olav ropa namne i siste liten, daa stupte trolle. Risen heiter der Skalle, og Skoll kallar Grimn. ein av ulvane som fylgde etter soli. 29. Mime er tydd av same roti som det græske mimnésko, minnest (Mnemosyne, ho som minnest, av titan-ætt), og skulde daa vera ein som minnest langt attende (sml. Vavtrudne, Fjøl svinn, minneskaali i Hyndl.). I India tala dei um minnetrer (sml. Mimetree). Brunnen til Mime er vel have, som gøymee minne um so mangt. Mime brukar soli (eine auga til Odin, som han sette i pant) til aa drikke med, naar ho renn or hav. Vita De enn. Vil de vita meir, og kva i so fall. 30. Heimdalls ljod. Ljod tyder stille, still lyding; sume tenkjer her paa høyrsla eller øyra. Mange meiner at orde her tyder horn". — Løynt under tyder S. Bugge: er afhængig af". Me kjenner elles ingi segn um at home til Heimdall var løynt, eller at lydingi hans var bundi til tree. Meiningi er kann-hende: han gjev gløgg gaum paa tuntree i Valhall, ferdig, til aa blaase, um tree varslar nokor ulukke. Er Heimdall ei utklovning fraa Tor (H. Schiick), so kunde ljoden" hans vera tora; fyrst naar regne losnar fraa himilen, slær tora. Valfaders pant er tenkt aa vera det eine auga som Odin sette i pant hjaa Mime. Med dette auga til skovl øys so einkvar vatn (livsvatn) ut yvir tree, so det skal halde seg, friskt og grønt heile aare. Er Odins auga soli, høver det med gomol tru, at ho dreg vatn. Soleis skulde daa vatne koma upp or have i himilen og ut yvir himiltree, og derifraa renn det i alle elvar (sjaa Grimn. 26). Ein græsk hymne kallar sol og maane augo til Zevs. I India trudde dei at soli var skapt av auga til ein rise. 34. Mislilen veks høgt yvir voll; han hev inkje roti si i jordi, men i andre tre; finst i Norig helst i Viki. Same leis som med flog-raun" trudde dei det var trolldom ved slike vokstrar som saug næring av andre tre. Mistiltein er namn paa eit sverd i sogo um Hervor. (Læva-tein, ulukke tein, heiter eit sverd i Fjølsvinns-maal). Røyr-sproten i so gune um Vikar og um kong Eirik vart til sverd. I England vart det sagt at Jesu kross var gjord av mistil tein. I ei jødisk bok, Toledoth Jeschn, som er skrivi fyri 1278, segjer Judas at Jesus hev teki i eid alle tre, so dei inkje skal