Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/162

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

154 skot, og ei for alt ondt som flyver." Dei hjelper naar nokon hev trolla paa buskapen (Urskog): For mod-sott, for blod-sott, for alt det ilde min bøling kan forspilde; karsk og sund hjemgaa med sprikende spaanaar, smør gult, jur fedt som flesk, fuldt som et egg*)." Alle desse er fraa austlande (Austfold, Rom., aust- og vest upplandi). I Fraa Sogn" fortel O. Sande um eit huldrefylgje som budde i ein haug i Aardal. Der sto ai fora so tjukk, at ho va tvo fabna um-kring, o ho va so gamadle, at ho va mange manns aldrar. Baint unde roti skulde dai ha sitt hus, ain stor bygnad, o der va daires tre; dæ va nokk nabngote vidt ikring dæ." I ei rune-skrift i kyrkja i Aardal stod det nemnt måtkai som S. Bugge tyder: mægtige kvindelige væsener eller diser, der tænktes at have indflydelse ved samlivet mellem mand og kvinde, ligesom de senere hjalp til ved barnets fødsel og bestemte livets gang og længde for den nyfødte." Sml Volu spaa: tri dmåtkar megar. I Hallingdal hev ei norn vorti til ei hauga-kjering, og kjem til ei nærkone med braud og vatn som skal gjera ho god att. Norne-spor (Norig, Færøyar), kvite flekkir paa neglane^ tyder lukke og gode gaavur. Spor etter nornine, meiner M. Moe, finn ein ogso i even tyri um Rike Per kræmar og Austanfor sol og vestanfor maane; de viser sig beskyttende og hjelpende lige overfor adskilte elskende." Sjaa elles Vavtr. 49, Faavnesmaal 12, Sigrdrivemaal 14, Helge Hund. I, 2—4, Grogalder 7, Fjølsvinnsmaal 47. Kveldulv talar um at nornir er honom grimme. Det er baade gode og ille nornir, segjer Snorre. I Tyskland og kjenner dei tri kvite kvende (die drei Ma rien) eller tri kvende av fylgje til Ursula, som heiter Ain beth, Barbeth og Willbeth. Nornir tyder dei som bind (lagnaden) S. Bugge segjer: «Yggdrasils ask opfattedes som et verdenstræ, saa at man anskuede den hele verden sammen trængt i dette billede og tænkte sig verdens skjæbne knyttet til træets liv. Det var da en naturlig, smuk og sindrig fore stilling, at de overmenneskelige kvinder, der bestemte alle

  • ) Dei 4 siste linune er eit halvvers i fornyrdes-lag.