Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/156

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Frostatinge mest paa same maaten, med ord som tykkjest ha vori versforma soleis:

D’er hans bod og bøn
til bøndar og bu-tegnar,
til all aalmugen,
urike og rike,
unge menn og gamle,
usæle og sæle,
konur og karar,
kristnast skal alle.

Er det minne um Voluspaa som sviv fyri han?

Heimdalls sønir. Kven er dette? Valfader, Odin, er millom deim ; soleis maa det vera gudar. Volva held daa H. for den eldste av gudane. Daa han stend Tor nær, maa han helst vera ei eldre framsyning av Tor, som me veit er utgamall gud (det var seint han vart gjord til son aat Odin). Hyndleljod (35—38, 43) skildrar ogso Heimdall og Tor, paa noko nær same maaten, som dei høgste gudar.

Volva nemner den eldste guden, og ho fortel at ho veit so gamalt attende, at ho inkje berre minnest honom, men ogso dei nie mødrane hans (nie skogmøyar, v. 2), sjaa Hyndl. 37.

Ein maa tenkje seg at raama kringum kvæde og situasjonen er um lag den same som i Balders draumar, som hev gjevi skalden inngjevnaden. Gudane er samla paa tinge ved Yggdrasils ask og raadlegg um koss dei skal avvende ragnaroks-faaren. Dei manar daa fram volva.

2 Volva var fostra av jøtnar; ho kann inkje vera eit menneskje, men helst ei norn (sjaa Vavtr. 49), vonleg Urd. Sume meiner at kvar av dei tri nornine kved sin bolk i kvæde, fyrrtid, notid og framtid.

Nie heimar, sjaa Vavtr. 43.

Heilagt stortre, Yggdrasils ask. Det er kalla mjötviðr, „træet der har det rette maal, – – træet der giver det rette maal, d. e. træet, der har en bestemmende og skjæbnesvanger indflydelse“. (S. Bugge).

Yme. Sjaa Vavtr. 21. Gamalt trudde dei ogso i India at av ein risekropp skapte gudane all ting (sjæl, maane, soli av auga, vind, luft, himil, jord m. m.).

Ginnunga-gap, det ovstore gape, eller: gapande gil („han gapa og gein“ Trondh.) Mogk trur at det var nokre vette som var kalla ginnungar. (Sml. ginnunga-vé i Haustlong).

Nordmennane heldt vel Ginnunga-gape for aa vera nordanfor Norig. Paa Island trudde dei det var millom Grønland og Vinland. Der var enden paa jordi, som dei tenkte var laga som ei skive.

I Wessobrunner-bøni fraa Bayern (800—814), upphavleg saksisk, stend det:

„Det høyrde eg gjeti, det største under hjaa menneski, at jordi inkje var, heller inkje upphimil, heller inkje tre eller