Hopp til innhold

Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/157

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

berg var, heller inkje sol skein[1], heller inkje maane lyste, heller inkje var det store hav. Den tid daa inkje noko var fraa den eine enden til den andre, og daa var den store aalmegtuge gud,“ som gjorde himil og jord.

Eit gamalt indisk skapings-kyæde segjer at fraa upphave fanst korkje liv eller daude, korkje natt eller dag; eitt var der berre: vindlaust stilt. Inkje noko fanst umfram dette eine. Sml. forteljingi i bibelen.

Burs sønir. Snorre fortel at kvi Audhumbla sleikte saltsteinar so dei vart til det fyrste menneskje, Bure. Eit gamalt ord segjer: „slær ein paa jordi, slær ein paa mor si; slær in paa stein, slær ein paa far sin.“ M. Moe trur at segni upphavleg hev „udledet menneskenes oprindelse fra sten“, sameleis som i græske segnir um Devkalion og Pyrra etter flaumen (sml. Vavtr. 35).

Hyndleljod kallar Odin Burs erving. Snorre fortel at Bor (son til Bure) var gift med Bestla og hadde tri sønir: Odin, Vile og Ve. Sjaa Loketrætta 26. Ei gomol tru var det hjaa hellenane, at fyrst var Kaos, og or have kom jordi og alt livande. I Rigstula er Bur son til Jarl. Bur tyder son (tviburar, tvillingar, endaa brukt). Er det same namne ein finn att i den gamle guddomen eller rudkallen „Baar“ i Selbu?

Jøtunen Rungne hadde etter Haarb. hovud av stein.

Midgard var fraa fyrsto tenkt aa vera eit gjerde til verjing mot risane, fjellgarden alle augleite rundt, sidan mannaheimen. Snorre fortel at Bors sønir bygde ei borg midt i heimen, Aasgard eller Troja.

Steinar i sal (himil-salen) er vel umskriving for fjell.

5. Sol er her inkje sol-kloten, som i v. 4, men gydja Sol, som køyrer himilhestane og styrer soli. Sjaa Vavtr. 23, 47 og Grimn. 37-39. I handskrifti er Sol kalla „sinni mána“, fylgje til maanen; det maa vera meint syster, sameleis som Sol er kalla det i Reginsmaal 23.

I Merseburg-kvæde fraa Tyskland (handskrift fraa 10. aarh.) er Sunna (Sol) kalla syster til Sinhtgunt („den kampmø, som stadig færdes om natten“ (S. Bugge), maane-gydja.

Det orde som er umsett med „himilhestar“ vert tydt paa fleire maatar: „himilhest dør“, „himilrand“, og sume trur at det er tenkt paa midnatt-soli, som slepper seg ned mot himilrandi, men straks lyfter seg upp att.

Med salar er vel meint himil-salar. Himilen er kalla maane-salen i Helge Hund. I.

Maanen hev ei sers trolldoms-magt. Han hjelper mot vreide (Haav. 137), og ein bed til han um rikdom og um hjelp mot tannverk (Danmark). Han er kalla „gygre-soli“ i Solarljod og i stev. I maane-skin er troll og gastar ute; „maanen skin, daudmenn grin“,

maanen lid, dauden rid" (Island).

  1. Køgel trur det upphavleg hev stadi: noh súdan sunna ni skein, soli skein heller inkje sunnan.