Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/151

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

<poem> 37. Saag ho bundin kulten i kjelde-lunden, sviplik sviklynde Loke-sellen. Sit der Sigyn; men storleg glede ho visst inkje hev. Vita de enn eller kva?

38. (H.31). Garm han gøyr fyri Gnipa-heller, feste slitnar, og Freke han renn. Fram ser eg lenger, fulla kann eg tala um ragnarok ramt for sigtivar.

39. (H.32). Sat der paa haugen og slo paa harpa gygre-hyrding, glade Egde. Gol um honom i gagle-skogen fager raud hane, som Fjalar heiter.

40. (H.33). Gól yvir æsir Gullinkambe, som hjaa Herfader heren vekkjer. Ein annan gjel i jordi nede, sótraud hane, i salom aat Hel.

41. (H.34). Sal ser ho stande fraa sol i vend paa Naa-strandi, mot nord snur døri. Fell eiter-dropar inn um ljoren, kring salen slengjer seg orme-spordar.

42. Aa fell austan um eiterdalar, full av saks og sverd, Slid heiter ho. (H.35). Ser ho der vada i straumar tunge menn meinsvorne og mordvargar.

43. (H.36). Garm gøyr høgt fyri Gnipa-heller, feste slitnar, og Freke han renn.


44. (H. 37-38). Hardt er i heimen, hordom kaldleg, øks-old, sverd-old, skjoldar klovna, vind-old, varg-old, fyrr verdi stupar, grunnen gjallar, gygrar fljugande.

45. (H.37-38). Brørar kvarandre banesaar gjev, systrungar dei skyldskap spiller. [Frendskaps-bandi er brostne alle]. Mun ingin mann sin maalsven spara.