Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/152

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


<poem> 46. (H.39). Mims sønir spelar seg, men øgjes-slaatten[1] gjeng paa giddande gjallar-horne. Høgt blæs Heimdall, set horne til vèrs. Mæler Odin med Mims hovud.

47. (H.40). Skjelv Yggdrasils ask standande, ym aldrugt tre. Men jøtun losnar. Hustrar alle paa hel-vegir, fyrr enn Surts skylding det gløyper.

48. (H.42). Garm gøyr høgt fyri Gnipa-heller, feste slitnar, og Freke han renn.


49. (H.43). Rym èk austan med upplyft skjold, Jormun-gand snur seg i jøtun-sinne. Orm skjek kvirvlar, men ørni klikkar, slit i naa-ar, Naglfar losnar.

50. (H.44). Skip fèr austan, skrida mun Muspells lydar paa hav, men Loke styrer. Heile fylgje etter Freke sleng. Med deim er bror til Byleist i lag.

51. (H.45). Surt fer sunnan med svidande eld, det skin av sverde so soli bleiknar. Grjotbergi gnett, gygrane skvett, menn paa helveg hastar, himilen klovnar.

52. (H.46). Atter sorgi saar fær Lin, daa Odin fèr av skal ulv vega — og Beles bjarte bane mot Surt — der mun Friggs ven den kjære falle.

53. (H. 47). Garm gøyr høgt fyri Gnipa-heller, feste slitnar, og Freke han renn.


54. Daa kjem den store Sigfaders son, Vidar vega skal valdyre. I Kvedrungs sonen sverde han høgg heilt til hjarta.

Og hemnd er faren.

  1. øgjes-slaatten, som varslar noko øgjeleg fælt.