Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/142

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

134 Baade finnen og hovdingen og Dovre er ingin annan enn Odin, meiner S. Bugge. Ein kunde helst tru at det var denne segni um Harald som ligg til grunn for kvæde her. Rigstula tykkjest byggje paa det same. Loddfaavne karm anten vera skalden sjølv, som Odin talar aat, eller den som skalden ber Odins ord fram til; eller skalden berre melder kva Odin i eitt eller anna høve hev tala til ein som het eller vert kalla Loddfaavne. I siste fall vert det daa ei forteljing, sameleis som i Grimnesmaal. Med Grimnesmaal hev kvæde so store likskapar, at ein maa segja dei høyrer til same ringen. Ja ein kunde mest vaage seg til aa tru at den mannen som hev dikta Grimnesmaal (og Vavtrudnes maal) ogso hev dikta denne bolken av Haavamaal, som daa vilde falle som andre vendingi til Grimnesmaal. I fyrste luten, Grimn. v. 3, lovar Odin at han skal faa lagleg like for hjelpi. Men heile talen der gjeng nærmast ut paa aa vele venen" Geirrod. Det vilde inkje vera underlegt, um Odin, sidan han hadde hemnt seg paa faren, gav sonen lærdom til takk og vigde honom inn i dei djupaste guddomlege løyndomar. Agnar hadde kann-hende løyst Odin og med sterke hender bori han burt der han sat millom eldane. For dette take kunde det vera høvelegt at han vart kalla Loddfaavne, som tyder han som femner fast". Den stillingi som Odin hadde havt i halli hjaa Geirrod i aatte nætar er det som fører tanken inn paa den tidi han hekk i nie nætar paa himil-tree, og fær han til aa fortelja løyndomen um dauden og uppattlivningi si. Og var det daa Harald Haarfagre som det i røyndi var meint paa med Agnar i Grimnesmaal, laut det ogso vera honom det var meint med namne Loddfaavne. 113. Ver vår, men vår med maate! tykkjest vera grunn tanken som er utførd i fyrste songen, som hev fem stykke: 1) v. 113—115 ymse raadir. 2) v. 116—120 um gode og ille menneskje. 3) v. 121—125 um kjærleik. 4) v. 126—131 um venir og uvenir. 5) v. 132—136. Ordtak: B Det er godt vera var; det er leidt vera altfor vår. Betre fyri vår enn etter snar." Altfor vår kjem ingin veg." 123. Ordtak: Ein vert aldri for gamall til aa lære" 125. Sume linur her gjeng att i v. 44, sume i Grimn. 17. 128. Ordtak: Han er ill, som inkje godt vil sjaa." 132. Ordtak: Det er gall i alle." 133. Ordtak: D'er ofte godt som dei gamle kved." Ein skal inkje sjaa fanten paa fillune." Stev fraa Telemark: Lat han studre med sinom stave, han ber inkje skarlaks klæde. Det sømer seg lite ungan bengilen ein gamall mann aa hæde. Dette verse (133) vilde høve godt med fyrimælingi til