Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/141

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

133 Det karm inkje vera den same som" talar heile vegen i 111 og 112. Den som talar ved Urde-brunnen maa vera Odin sjølv, han som talar sidan i songen til Loddfaavne. Men den som lyer karm inkje vera den som talar ved Urde-brunnen; dette maa vera Loddfaavne, som her fortel korleis han hev høyrt dette kvæde. Han er i Haava-halli, og høyrer gudane talar og tyder løyndomar, og Odin ber fram for han det som han serleg vil han skal minnast. Det er berre ei stutt tid han hev den æra aa høyre slike guddoms ord. Lengi vil han sakne deim, segjer Odin (v. 162), difor lyt han gjeva gaum paa det som vert sagt, og gjera det til nyttes baadé for seg og menneski. Loddfaavne karm soleis inkje vera ein som er daain og komin til Valhall; han maa vera eit menneskje som hev fengi den naade aa koma til aa høyre visdomsordi av den høge — Haavamaal. Og etter ymse av raadine aa døme, maa han vera ein ung mann av store folk, hermann og ein som stend kongen nær. Sogur ura menneskje som hev vori av og fengi raad og lærdom av Odin er inkje reint sjeldfengde i gamletidi. Grimnesmaal fortel at Geirrod vart fostra og upplærd av ein mann som var Odin. Ansgars liv fortel um ein svenske paa Ansgar si tid som heldt ein tale til det svenske folke og sa at han hadde vori i gudane sitt ting og der hadde fengi paalegg um aa reise motstand mot kristindomen. Gautreks saga fortel at Starkad vart fostra hjaa Ross haarsgrane (Hestehaarsgrane) eller Odin i nie aar paa garden Ask paa øyi Fenring i Hordaland. Femtan aar etter kom Rosshaarsgrane ved midnattsleite og tok Starkad med seg paa ei øy millom Agdir og Hordaland. I ei snøyde i skogen fann dei folk samla til tings. Elleve mann sat paa kvar sin stol, men den tolvte stolen var tom. Paa den sette Rosshaars grane seg, og alle helsa han som Odin. Der sette dei livs lagnad for Starkad. Snorre fortel um kong Gylve fraa Svitjod at han for til Aasgard og inn i Haava-halli, og der fekk han kunnskap um heilage ting av Odin. Seinare sogur um slike som var av i uteksti" og høyrde guddoms ord hev me i visjons-bøkane og i Draumkvæde. Snorre fortel um Harald Haarfagre, med han var heime hjaa far sin, at han fylgde ein trollkunnig finn. Dei kom fa rande til ein stad der ein hovding heldt eit stort gjestebod, og der vart dei godt mottekne. Daa dei hadde vori der til vaaren, tala hovdingen til Harald og meldte honom tidendir. (Sjaa Grimnesmaal s. 63). Flatøyboki fortel at Harald var hjaa risen Dovre i fem aar i ein stor heller. v Dovre gjorde honom klok paa mangt og mykje som inkje, vanlegt folk visste, og lærde honom upp i alle slag it rott ir. "