Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/133

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


88.
Tru inkje aaker,
som tidleg er saadd,
og inkje son for snart.
For aakren raader vèr,
og for sonen vit;
det uvisst med baae er.

89.
Broder-bane,
um og burte møtt,
halvbrunni hus,
hesten spræke
— faafengd er fole,
um fot brotnar, —
at han desse ting trur,
so trygg vere ingin.

90.
So er dros i hugen,
ho som dulram leikar,
som ut skal øyk køyre
paa isen haale
— tidig tvivetring,
tamd med maate —
eller i stormen stride
styrelaust beite,
eller som um halten paa høgfjell
skulde hente reinen.
 
92.
Fint du tale
og fagert gjeve,
vil gjerne ei gjente du vinne,
og fegre[1] lova
hjaa ljose møy;
han fær som kann fri.

94.
Aldri du leggje
andre til last
det som mang ein mann hender.
Kor klok ein er
han kann verte daara
naar kjærleik kjem og magtstèl.

95.
Hugen veit berre
kva som bur hjarta nær,
sjølv fær ein kjenne det svid.
D’er hugsotti verste
for ein høgtenkt mann,
naar inkje med noko han unar.

II.


105.
Gunnlod meg gav
paa gull-stolen
drykk av den mæte mjød.
Vesall løn
lét eg ho faa;
ho gav meg trygt si tru,
ho gav meg heile sin hug.

108.
Uvisst aa vita
um eg endaa var komin
or jøtun-garden ut,
um inkje Gunnlod,
det gode kvende,
hadde vorti min sæle ven.

109.
Andre dagen
av gjekk rimtussar
til aa spyrja raad av Haar

  1. Fegre, fagerleik.