Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/134

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

i Halli til Haar;
etter Bolverk dei spurde,
um han var berga hjaa gudom
eller Suttung hadde slegi han ned.

110.
Ein eid daa svor
Odin paa ringen,
kven kann hans trygdemaal tru?
Suttung han sveik
for skalde-drykken,
og Gunnlod saart han grøtte.

C.


I.


(112).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
ris inkje um natt,
utan paa njosn du er,
eller ut for deg sjølv
du skal.

(116).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar :
um paa fjell eller fjord
aa fara deg lyster,
hav niste med deg til nøgjes.

(126).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar :
gjer inkje sko
eller skaft aat andre;
ver glad du greider deg sjølv.
Um skoen vart stygg
eller skafte vart rangt,
daa er ulukka ute.

(129).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
stend du i strid,
sjaa daa ’kje upp
— som galtar kvekk
karar daa tidt —
for at fjetring inkje deg fange.

137.
Eg raad gjev deg,
Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar.
der øl du drikk,
søk avl av jordi,
for jord stend mot øl;
eld stend mot sottir,
eik mot hardt liv,