Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/132

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

<poem> 79. Hjaa faavis mann, um han fe seg vinn og ynde og elsk hjaa kvende, byrgskapen veks men vite hans inkje, og ovmode aukar drjugt.

80. Sant det røynest som i runir er sagt, dei fraa høgdi runne, som gudemagtir gav, og som stor-tul skar, trygt hev det han som kann tegja.

81. Um kveld skal du dagen rose, kona naar ho brend er, gjenta naar ho gift er, geiren[1] naar han røynd er, is naar du yvir kjem, øl naar det drukki er.

82. I stilla skal du sjøen ro, skog i vind felle, med møy i myrker svalle; mange er dagsens augo. Skip skal fram skrida, skjold skal live,[2] sverd gjev kvasse hogg, kyssar gjev møyi.

83. Ved elden øl du drikke, og paa is du skride, merri mager kjøpe og myrke sverd, hesten heime feite, og hunden i bui.

B.
I.

85 [Aldri ein tru:] Brestande boge, brennande loge, gapande ulv, galande kraake, rjotande svin, rotlaust tre, svellande vaag, sjodande kjêle,

86. Fljugande flein,[3] fallande baare, ein-nætt is, orm ringlagd, brur-ord paa blæja, brotne sverd, leikande bjørn eller barne til ein konge.

87. Sjukan kalv, sjølvraadin træl, volve som hugstèl,

val nyleg felld.

  1. Geir, spjot.
  2. Live, gjeva livd.
  3. Flein, pil.