Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/115

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er ikke korrekturlest


107 kjenner av slik dikting. Tvo gongir skulde so vise-^mne vera nytta og vendt; fyrste gongen vart dyrehamen burt-tekin av edda-skalden, andre gongen gjorde presten ei brudlaupsvise av emne, med skildring fraa bondelive. Um Herakles er det fortalt sameleis at han tvinga Karon til aa føre seg yvir Styx. Ein annan gong skulde han paa vegen til Eryteia (Raadsøy?) yvir have, og tvinga daa Helios (Hildolv?) til aa ferja seg paa solbaaten. Det var paa den ferdi han tynte Eryx, som minner um Rungne. Med amazonune drogst han sameleis som Tor med gygrane. I Normandi finst eit kvæde av trubaduren Rutbeuf: Le pont cassé", som skildrar korleis ein ferdamann og ein sund mann trættar med kvarandre.