Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/116

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
Haavamaal.
A[1]
I.

1.
Augo du bruke
før inn du gjeng,
i kot og i kraaom,
i kot og i krokom.
For d’er uvisst aa vita
kvar uvener sit
fyri din fot.

2.
Sæl den som gjev
Gjest er inn komen,
kvar finn han sess aat seg?
Braa vert den
som paa brandom[2] skal sitja
og føre ærend fram.

3.
Eld han tarv
som inn er komen
og om kne kulsar.
Til mat og klede
den mann hev trong
som hev i fjell fari.

4.
Vatn og handduk
han ventar aa faa,
naar til bords han vert bedin.
Syn godlaget fram,
saa greidleg du kan,
med ord og attbeding.

5.
Vit han tarv
som vidt skal fara;
d’er mangt heime høveleg.
Til bisn han vert
som veit for lite,
naar han sit med kloke folk saman.

6.
Av sin eigen klokskap
kyte ingen,
men ver haavàr i hug.
Naar du gløgg og tagal
i gardane sviv,
du kjem ikkje braatt i beit.

  1. Vers som er yvirsprungne kjem etterpaa, daa dei vonleg er seinare innskot.
  2. Paa brandom, paa aare-hella eller i ved-roi, der alle kunde setja seg utan beding.