Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/114

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er ikke korrekturlest


106 Bjørnen hev vel og fraa fyrsto sagt dei ordi som visa lege i munnen paa ulven: Gjeva vilde eg eitkvart godt, eg var tvert yvir ei mil Etterslengen er ulik ved kvart vers Bjørnen han er yppaste kar uti skogen. Bjørnen visste seg ingi raad uti skogen. Eg er bedin til brudlaupsgard uti skogen. Eg er bedin til køyremeister i skogen. Var Tor ein bjørn, er det vel rimelegt at Odin var fugl, ramn eller ørn, so fuglevengen var skuta som Tor vilde laant. Karm hende at den upphavlege visa um brudlaupe ogso var grunnlage for kvæde um Loke-trætta i gilde hjaa Æge. Tor kunde ein daa tenkje seg vart heft av Odin,' so han soleis fyrst kom langt uti leiken. Liksom i Loke-trætta heiter det endaa i visa: Miljom kvorjom gjeste yppast stor skitlæte. Bjørnen kom seint til lage, og han stoggar daa ulven, sameleis som Tor gjer med Loke i Loke-trætta, etter han vart skjenkt av Siv (her skjori). Ulven drakk utor sylverskaal, slo han henne mot golv ; inn so kom han bamse-bonne: koss ber du deg her, ditt troll?" Sporven var munngaats-mann" og skulde daa svara til Byggve, gaasi kanskje til Bøyla; og reven skulde ein vente var Loke. ( Reven var den treiskaste kar uti skogen.") Det er fortalt i ei avskrift av visa, at ein prest paa Nordhordland Anfind (vonleg Anfind Breder) skal ha kompon eret" ho. Um so er, hev han vel daa av utgamle verse stubbar sett ihop ei skildring av bonde-brudlaup, med mat sendingar, fraa si eigi tid. Det eldste grunnlage i visa tykkjest vera dikta i ljoda haatt-vers, og skulde i so fall vera noko av det eldste me