Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/113

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

105 seg, at det lite kunde nytte aa stande honom imot, endaa med god vilje kunde ingin gjeva seg under han. Daa vart Tor naturleg bøndane sin framsynar, og Odin kong Haralds merkesmann. Bakum kvæde skulde ein daa kunne sjaa kong Harald paa den eine sida og bøndane paa den andre sida. Skalden hev hjarta sitt paa bondesida, men vite raader han til aa løyne dette. Og det gjer han paa den maaten, at han lét Odin vera den som er ovanpaa. Formi er lovpris yvir Odin og hans menn, innhalde derimot syner Tor og hans menn som dei trauste styttune i lande. I Fjordane kom Odins yvirtak seinast fram, etter namne-samansetningar aa døme; tungt laut det difor søkke i folk, naar det fraa den andre sida vart truga so stygt imot Tor, og hans menn vart kalla trælar. Ei eggjing laag det i dette til alle trauste bøndar um aa traasse ein slik vaae, som berre tenkte paa strid og svik og kvende-daaring, og hædde all gamall vyrdnad. Men det er ingin politisk førar som talar i kvæde, anna ein skald, som magtar aa føre alle hugdrag fram, men sjølv held seg utanfor og ventar til aa sjaa korleis allting lagar seg. Haarbards-ljod tykkjest vise kjennskap til Rigstula, og det maa vera eldre enn dei form-plente og rike kvædi Loketrætta (som tek upp att og utvidar emne i Haarb.) og Skirnesmaal. Ein skulde helst tru at det skriv seg fraa tidi fyrr Olve hadde slegi seg til kong Harald, eller fraa aari 866—869. Emne til dette kvæde tykkjest ha vori ei gomol vise fraa vestlande um bjørnen som skulde yvir eit sund. Og med bjørnen var vel meint Tor. Bjørn var namn paa Tor, segjer Snorre. I den tidi daa Odin var ramn eller ulv, og Frøy galte, var det rimelegt at bjørnen høvde Tor best. For bjørneleg tykkjest han vera laga, allvist i dette kvæde. Bjørne-versi gjeng endaa som inngangsvers i visa um Ramnabrudlaup i Kraakelund", som fyrst vart uppskrivi og trykt paa Nordhordlands maal ikr. 1640. Bjørnen sat uti bakkom nord, mangt so munde han hugsa: skal eg symja den breide fjord, vaat daa verle mi buksa. Seti heve eg den heile natt med graat og ille laat; søte Hallvard*) laan meg skuta di meg ber slett ingin baat.

  • ) Sml. Hildolv i Haarbl