Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/100

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 92 —

Loke kvad:
64.
„Kvad eg for æsir,
kvad for aasa-sønir,
som det høvde min hug;
for deg aaleine
eg ut vil gange,
eg veit du sparer inkje slag.
 
65.
Øl laga du, Æge;
men aldri du skal
sidan gilde skipa;
yvir all di eign,
som inne her er,
logar skal leike
og brenne deg paa ditt bak.“

[Fyrimæling.[1]]
Um Æge og gudane.

Æge, som med eit anna namn het Gyme, han hadde butt til gilde aat æsine, daa han hadde fengi den store kjelen som no er sagt.[2] Til denne veitsla kom Odin og Frigg, kona hans. Tor kom inkje, for han var i austerveg. Siv var der, kona til Tor. Brage og Idunn, kona hans. Ty var der, han var einhendt: daa Fenres-ulven vart bundin, sleit han eine handi av han. Der var Njørd og kona hans, Skade. Frøy og Frøya. Vidar, son til Odin. Loke var der. Og tenarane til Frøy, Byggve og Bøyla. Mange æsir og alvar var der.

Æge hadde tvo tenarar: Fimafeng og Elde. Der var ljosgull for eldsljos; øle bar seg fram sjølvt; staden var strengt fredhelga. Tenarane til Æge fekk mykje lov for at dei var so hage. Loke tolde inkje høyre dette, so drap han Fimafeng. Daa skok æsine skjoldane sine og ropa upp imot Loke og dreiv han til skogs, og so tok dei til aa drikke. Loke snudde att og fann Elde utanfyri; Loke helsa honom.

[Ettermæling.]

Etter dette løynde Loke seg i Fraananger-fossen i lakse-ham, der tok æsine han. Han vart bundin med tarmane til Nare, sonen sin; men Vale[3] son hans

  1. Stend fyri kvæde, men er vonleg sett til seinare. Like eins ettermælingi.
  2. I Hymeskvida.
  3. Narve stend det i handskrlfti.